Siste kontordag på Statens Hus for Skogselskapet og 4H Rogaland

4H Rogaland og Skogselskapet har hatt sin siste kontordag på Statens Hus. No ventar nye kontorlokale i Perdersgata 32 c i Stavanger sentrum. Fylkesmannen si landbruksavdeling takkar for over 60 år som sambuarar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.06.2016

4H Rogaland og Skogselskapet har sidan 1950- talet hatt tilbod om kontorplass og utstyr hos det som i dag er Fylkesmannen i Rogaland sin landbruksavdeling. I 2014 varsla kommunalminister Jan Tore Sanner slutten for ei historisk ordning. No, 30. juni 2016 var det tid for å markere siste kontordag. 

Skogselskapet er ein viktig aktør for skogbruket i  Rogaland, og både Fylkesmannen og Skogselskapet jobbar for betre utnytting av skogen sitt potensial for auka verdiskaping og betre klima. Også 4H og Fylkesmannen har fleire felles mål. Spesielt vil vi trekke fram 4H sitt bidrag til å skape landbruksinteresse blant ungdom, noko viktig for rekrutteringa til bondeyrket.

Fylkesmannen sin landbruksavdeling takkar for godt "sambuarskap", og er sikker på at slutt på felles kontorlokale ikkje betyr slutten på godt samarbeid.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.