Rogaland er i gang med klimaskogarbeidet

Planting av skog er eit klimatiltak. Klimaskogprosjektet i Rogaland skal balansere omsyn til klima, naturverdiar og verdiskaping på ein god måte. Nyleg blei Ingeborg Anker-Rasch tilsett som prosjektleiar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.09.2015

Hovudstikkorda i klimaskogprosjektet er klimaeffekt, naturverdiar og verdiskaping. Alle tre er avgjerande viktige for at vi skal lukkast med å plante skog på nye areal som klimatiltak. Målet i Rogaland er å balansere desse ulike omsyna på ein god måte, slik at vi får sett planter i jorda til det beste for heilskapen.

Treårig pilotprosjekt

Rogaland er, saman med Nordland og Nord-Trøndelag, deltakarfylke i den nasjonale treårige pilotfasen «planting av skog på nye areal som klimatiltak». Prosjektet i Rogaland starta formelt for snautt tre veker sidan, då Ingeborg Anker-Rasch tok til i stillinga som prosjektleiar. Det blir no arbeidd med å involvere ulike interesser og fagmiljø. Ikkje minst er det viktig at kommunane og næringa i fylket raskt kjem med og får eigarskap til temaet og prosjektet. Utvalde kommunar står allereie klare til å vere føregangskommunar i satsinga.

Kvifor er Rogaland med?

Dei tre pilotfylka har alle viktige føresetnader som vil bli testa i pilotfasen. Rogaland er først og fremst eit jordbruks- og husdyrfylke, kor ein av dei viktigaste fôrressursane er innmarksbeita. I vårt fylke blir truleg grenseflatene mot innmarksbeita, kystlyngheiane og viktige kulturlandskap viktigast. Samtidig er det areal som er i tidleg attgroingsfase. Areala skal vi finne gjennom godt systematisk arbeid, ikkje minst ved å arbeide målretta med å motivere grunneigarar til å ta del i satsinga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.