Rettleiar til forskrift om utanlandske treslag

Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål tok til å gjelda 1. juli 2012. Miljøverndepartementet har no utarbeidd ein rettleiar til forskrifta. Rettleiaren skal vere eit hjelpemiddel for grunneigarar og forvaltning.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.10.2012

Utplanting av utanlandske treslag kan ha ein negativ påverknad på naturmangfaldet ved å endra den naturlege artssamansetjinga og økologiske funksjonar på staden. Til dømes kan spreiing av framande treslag frå frø vera eit trugsmål mot heimlege artar og økosystem. Det er derfor viktig at slike utsetjingar skjer etter ei grundig vurdering. Sentralt i forskrifta er kravet om løyve til utsetjing.

Den nye rettleiaren inneheld definisjonar og presiseringar om dei ulike tema som er omtala i forskrifta. Her finn du og meir om mellom anna utforming av søknad, søknadshandsaming, krav til aktsemd og informasjonsplikt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.