Planteaktiviteten held ikkje tritt med hogstaktiviteten i Rogaland

Tala frå foryngingskontrollen (resultatkontroll) i 2015 er no klare, og dei visar at meir enn halvparten av hogstfelta i Rogaland ikkje blir sett tilbake i optimal skogproduksjon etter hogst. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2016

Foryngingskontrollen viktig for å sikre framtidig skogproduksjon

Planteaktiviteten har auka, men framleis blir meir enn halvparten av hogstfelta ikkje sett tilbake i optimal skogproduksjon etter hogst. Dette skuldast både høg planteavgang og mangelfull planting mange stader, men også at mykje skogareal vert omgjord til andre arealformål etter hogst.

Etter at skogen er hogd må skogeigar sørgje for tilfredsstillande forynging innan tre år. I foryngingskontrollen sjekkar kommunane eit utval hogstflater for å vurdere om dei har blitt planta til, eller lagt til rette for naturleg forynging, og vidare om plantetettleiken og tilstanden til plantane er god. Fylkesmannen deltek på 30-40 % av kontrollane saman med kommunane.

Figur 1: Resultat av foryngingskontroll i Rogaland i 2015.

Resultata frå Rogaland viser stort plantebehov

I Rogaland viser foryngingskontrollen at berre 50 % av det kontrollerte hogstarealet var sett i optimal skogproduksjon tre år etter hogst. Om lag 40 % av hogstarealet var tilplanta med lågare plantetal enn tilrådd, eller ikkje tilplanta i det heile tatt. Om lag 10 % av hogstarealet var ikkje sett i ny skogproduksjon fordi det var omgjord til beite eller andre arealformål.  Planteaktiviteten var høgare i 2015 enn det den har vore sidan starten av 2000-talet. Men planteaktiviteten held på ingen måte tritt med hogstaktiviteten i fylket, som har vore svært høg dei siste åra. For å sikre skogressursane er det nødvendig å plante om lag 5 000 -6 000 dekar årleg. På sikt er det veksande etterslepet dramatisk for skogressursane i Rogaland. Det fører til ei gradvis nedbygging av både volum og kvalitet i skogen, og ein aukande grad av avskoging mange plassar.

Klimautfordringane aukar behovet for planting

På 17 % av dei kontrollerte flatene var forynginga ikkje god nok. Mange småplanter døde på grunn av utfordrande klimaforhold vinterstid. Spesielt eittårige småplanter er utsett for frosttørke den første vinteren etter utplanting, og på kontrollen av plantefelta frå 2012 såg vi tydelege følgjer av vinteren 2013/2014. I tillegg er det utfordringar med snutebilleskadar på mange flater, der billegnag på rothalsen lett drep småplantene. Vi ser at klimautfordingane gir auka behov for å følgje opp plantefelta med suppleringsplanting.

Figur 2: Hogst-, plante- og ungskogspleieaktivitet i Rogaland i perioden 1993-2015.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar