Nye retningsliner for tilskot til skogsvegar og taubane

Retningslinene for tilskot til skogsvegar og taubane er nyleg revidert og gjeld frå 1. februar 2018.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2018

Den største endringa er at alle større skogkommunar må ha utarbeidd ein hovudplan for skogsvegar for tildeling av tilskot. Elles har det ikkje kome inn vesentlege merknader på forslag til reviderte retningsliner for 2018, som blei sendt ut med frist for tilbakemelding 20. desember 2017. Det betyr at retningslinene frå 2016 til 2018 vidareførast utan vesentlege endringar, med unntak av nokre presiseringar rundt kva kostnader som kan inngå i tilskotsgrunnlaget for vegbygging, og at alle saker om førehandsgodkjenning av taubanedrift skal vurderast etter Naturmangfaldslova § 8-12.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.