Mangelfull rapportering av juletrehogst

Fylkesmannen ber kommunane om hjelp til innmelding av juletre til virkesdatabasen. Årsaka er stort avvik mellom det som blir hogd av juletre, og det som faktisk kjem fram i offisiell statistikk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2016

Fylkesmannen har sendt ut brev til alle kommunane der vi ber om hjelp til innmelding av juletre til virkedatabasen (VSOP). Årsaka er at det ser ut til å vere eit relativt stort avvik mellom det som blir hogd av juletre, og det som faktisk kjem fram i offisiell statistikk frå VSOP.

I Rogaland blei det i 2015 registrert 43 600 stk juletre i virkesdatabasen. Omtrent det same blei registrert i 2014. Av om lag 80 juletreprodusentar er det berre 35 produsentar som har meldt inn juletresal til VSOP i 2015.

Juletresalet på landsbasis er på om lag 1,1 mill, jf. tal frå Norsk Juletre. Berre ein liten del dette volumet viser igjen i offisiell statistikk i samsvar med regelverket. I Rogaland, som er det desidert største juletrefylket, burde registreringane vist ein langt større aktivitet. Det bekreftar rettleiingstenesta, sjølv om mange av dei største produsentane hadde til dels store klimaskader for eitt par år sida. 

Forvaltninga si oppgåve er å sikre at regelverket om måleplikt på all juletrehogst blir etterlevd, og kontrollere at tala stemmer med faktisk aktivitet på området, jf. «Forskrift om Skogfond o.a».

For ei næring med gode framtidsutsikter og stort potensiale er det for vidare utvikling viktig å synleggjere omfang og verdiskaping av juletreproduksjonen. Juletreproduksjon er for mange bønder og skogeigarar ei vesentleg inntektskjelde. Innrapportering av hogst er ikkje minst viktig for å kunne nytte dei økonomiske fordelane som ligg i bruk av skogfond med 85 % skattefordel på investeringar.

Arbeidet til kommunane blir å gå gjennom utsende lister for å sjekke om tala stemmer for juletresalet i 2015.

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.