Mal for tilskotsstrategiar for tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Fylkesmannen har utarbeidd ein mal for utarbeiding av tiltaksstrategiar for tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.10.2015

Kommunane har hovudansvaret for forvaltning av tilskotsordningane på skogområdet. Det er forskriftsfesta krav om at kommunane skal utarbeide eigne tiltaksstrategiar for tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tiltaksstrategiane skal utarbeidast i samarbeid med Fylkesmannen, kommunen og dei lokale næringsorganisasjonane i skogbruket. Dei skal med jamne mellomrom reviderast.

For å hjelpe kommunane i revisjonsarbeidet har Fylkesmannen utarbeidd eit forslag til mal for utarbeiding strategiane. Malen blei presentert for kommunane på fagsamling i februar 2015.

Tiltaksstrategien skal stimulera til auka verdiskaping i skogbruket i tråd med regionale og nasjonale mål for skogpolitikken. Tiltaksstrategien er saman med aktivitetsbudsjettet, ein sentral del av grunnlaget for fordeling av tilskotsmidlar til kommunane på skogområdet. Strategien skal vise ambisjonsnivå og moglegheiter for vekst og verdiskaping, og vere forankra hjå både lokale politikare og næringsliv.

Ressursoppbygging gjennom investeringar i ny kvalitetsskog, og infrastrukturtiltak er prioriterte satsingsområde.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.