Infrastrukturprogrammet overlevert Landbruks- og matdepartementet

Skognæringa Kyst overleverte tysdag 27. oktober Infrastrukturprogrammet til statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og Matdepartementet. Infrastrukturprogrammet gir ei oversikt over nødvendige investeringar i infrastruktur for å unytte næringspotensialet i skogen langs kysten.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.10.2015

Infrastrukturprogrammet er utarbeidd av SINTEF, NIBIO og SKOGKURS. Den er eit konkret resultat av oppfølginga av Kystskogmeldinga (2008) og kystskogsamarbeidet mellom skognæring, fylkeskommunane og skogforvaltninga frå Vest-Agder i sør til Finnmark i nord. 

Rapport infrastrukturprogrammet.

Infrastrukturprogrammet gir ei oversikt over nødvendige investeringar i skogsvegar og tømmerkaier fram til 2040- periodisert i 5-års bolkar. Det er i tillegg utarbeidd ein oversikt over dei største flaskehalsane for tømmertransport på offentleg veg.

For å nå verdiskapingsmåla i SKOG 22 og ny Kystskogmelding (2015) viser uttgreinga at det trengs ei ekstraordinær satsing på infrastruktur. Infrastrukturprogrammet blir også eit viktig grunnlag i arbeidet med ny skogmelding.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.