Årets flottaste juletre frå Rogaland

Rogaland kan stolt kalle seg eit av dei store juletrefylka i Noreg. Da «Noregs flottaste juletre» blei kåra av foreininga Norsk Juletre i midten av november, var seks av femten finalisttre dyrka fram her i fylket. Vinnaren var ei fjelledelgran frå juletredyrkar Olav Ravnås frå Tau.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2015

Finalen fann stad på Hjelmeland i Ryfylke 19. november, der trea blei vurderte både av ein fagjury og med publikumsavstemming. Blant alle finalistane i konkurransen var tolv av trea fjelledelgran, og tre norsk gran. - Kriteria som blei trekte fram i valet av vinnartreet var mellom anna fin symmetri, god fylde i baret og mange knoppar, seier Olav Ravnås. Han fortel vidare at treet skal få pryde julestudioet i TV2 denne jula.

Rogaland er det desidert største fylket for dyrking av juletre i Noreg. Her blir det dyrka nesten berre edelgranarter, og mest populære er nordmannsedelgran og fjelledelgran. «Vanleg» norsk gran blir det ikkje dyrka så mykje av her, men er framleis populær som juletre på landsbasis.

F.v. Tore Molteberg (Skogselskapet), Olav Ravnås (vinnar av «Noregs flottaste juletre 2015»), Finn Schjøll (juryleiar) og John Anders Strande (Norsk Juletre) rundt vinnartreet

Fjelledelgran kjem opphavleg frå Nord-Amerika. Blant juletredyrkarar blir fjelledelgran rekna som ein norsk spesialitet fordi ho trivast betre her enn i Danmark og lenger sør i Europa. Spesielt godt trivast ho på Vestlandet. Hos Olav Ravnås og andre juletredyrkarar i Rogaland opplever dei stor etterspørsel av fjelledelgran frå Osloområdet og andre deler av landet, og kan knapt få tak i frø nok for den voksande marknaden.

Foreininga Norsk Juletre har planar om å halde fram med kåringa også i åra framover. Dei skriv i medlemsbladet sitt at dei trur dette er eit positivt bidrag til å fremje det naturlege treet som juletre. Fylkesmannen i Rogaland syntest det er positivt at det blir sett fokus på dei mange dyktige juletredyrkarane både i og utanfor fylket, og gratulerer spesielt dei lokale finalistane.

(Kjelde: Norsk Juletre)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.