Vil ha statlege arbeidsplassar til Rogaland

Fylkesordføraren og Fylkesmannen vil ha statlege arbeidsplassar innan landbruksforvaltinga til Rogaland. Dette kjem fram av eit felles brev dei i dag sender til sentrale styresmakter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.03.2017

Regjeringa har ein plan om at det skal flyttast om lag 1 000 statlege arbeidsplassar ut frå Oslo, og Landbruksdirektoratet er nemnt som aktuelt for utflytting. Kor dei aktuelle arbeidsplassane skal flyttast skal greiast ut innan 1. juli. Vår vurdering er at Rogaland peikar seg klart ut som mest aktuell for nye arbeidsplassar på landbruksområdet.

Rogaland - den fremste landbruksregionen

Rogaland er i dag den mest sentrale landbruksregionen i landet, både når det gjeld primær- og foredlingsleddet, og har viktige fortrinn for landbruksforvaltninga:

  • Særs aktivt landbruk – stor aktivitet i heile fylket
  • Viktige kompetansemiljø – sterke og mangfaldige
  • Stor industri – moderne og offensiv

Rogaland er eit 10 prosent-fylke når det gjeld landbruksareal, eit 20 prosent-fylke når det gjeld grovfôretande dyr og eit 30 prosent-fylke når det kjem til kraftfôrkrevjande produksjonar.

Saka held fram under biletet.

Rogaland har eit særs aktivt landbruk. Frå Jæren i 2016.

Viktig kompetansemiljø

Rogaland har eit særs godt utvikla kompetansemiljø knytt til landbruket, både innan utdanning, forsking og industri. Felleskjøpet Rogaland Agder i Stavanger har Skandinavias største kraftfôrfabrikk. Rogaland har det største miljøet i verda innan forsking på fiskefôr. Innan fôrutvikling kan vi løysa felles utfordringar i samarbeid mellom blå og grøn sektor.

Ved NMBU sin seksjon for småfeforsking og husdyrhelse i Sandnes har det kome opp eit nytt biomedisinsk forskingsbygg - Sandnes Education and Research Center Høyland, SEARCH. Intensjonen er å driva forsking, utdanning og innovasjon og leggja til rette for eit breitt forskarsamarbeid for akuttmedisin og helse, der legar og veterinærar jobbar saman. Fylkesmannen i Rogaland, med over 20 årsverk innan landbruk, samarbeider godt med landbruksnæringa i fylket.

Færrast statlege arbeidsplassar i Rogaland

Stavanger-regionen er den storbyregionen i Noreg som har klart færrast statlege arbeidsplassar i forhold til folketalet, målt mot andre storbyregionar. Særleg gjeld dette innan sentrale institusjonar som sjukehus og universitet. Medan 16 prosent av dei sysselsette i Oslo- og Trondheims-regionen er tilsette i statleg forvaltning, er tilsvarande tal for Stavanger-regionen berre åtte prosent. I denne oversikta, utarbeidd av Næringsforeningen i Stavanger-regionen har laga ei oversikt, der me ser at Rogaland er i ei særstilling.

Saka held fram under tabellen.

Kritisk arbeidsmarknad

Rogaland er det fylket som har hatt den største auken i talet på arbeidsledige, dette gjeld også mange med høgare utdanning. I brevet frå fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal og fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, blir det peikt på at dette også er eit argument for at det bør flyttast fleire statlege arbeidsplassar til denne regionen.

Attraktiv region, ledige kontorlokale

Rogaland er ein attraktiv bu- og arbeidsregion, og på grunn av situasjonen i arbeidsmarknaden er det nå langt lettare å skaffa seg bustad. Det er også god tilgang på kontorlokale, og det vil slik sett vera relativt enkelt å lokalisera eit eventuelt samla Landbruksdirektorat.

Ber om å bli involvert i den vidare prosessen

Til sist i brevet er det uttrykt at vi vil involverast i utgreiingsarbeidet som nå skal gjerast fram til 1. juli.

Du finn brevet, og kart over forskings- og kompetansemiljø i Rogaland, som vedlegg til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.