Søker meir kunnskap om avlingsnivå og fosfornivå i Rogaland

Regionale aktørar i jordbruket har gått saman for å få meir fakta på bordet om avlingsnivå og fosfornivå i Rogaland. Arbeidet kjem som følgje av den stadig pågåande revisjonen av forskrift om organisk gjødsel som har svært store konsekvensar for Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2022

Prosjektet er støtta økonomisk av Rogaland fylkeskommune, landbruksråd Rogaland, Forum ku og Rogaland landbrukspark, og nyttar NMBU som forskingseining. Statsforvaltaren i Rogaland er i styringsgruppa for prosjektet. Sentrale problemstillingar er kva som skjer med fosforinnhaldet i jordbruksjorda i Rogaland med dagens gjødselregime, og kva avlingsnivå som er å forvente i fylket.

Set spørsmål om avlingsnivå

Lesarar av Nationen har nok fått med seg at det skjer ein kritikk av korleis nasjonal avlingsstatistikk blir innhenta og brukt. Her ser de link til Nationen (krev abonnement): https://www.nationen.no/landbruk/avlingar-varslar-opprydding-og-vurderer-a-trekke-statistikk/

Kjernen i kritikken er at avlingstala er brukt av NIBIO for å berekne fosforbalansar i jord i eit fagunderlag for revisjon av gjødselvareregelverket. Jo lågare avling, jo mindre fosfor er det tilrådeleg å bruke. Jordbruket i Rogaland er tett tilpassa dagens gjødselregelverk, og sjølv små reduksjonar i tillate mengder fosfor gir store økonomiske konsekvensar for næringa.  SSB varslar dei vil sjå på måten avlingstala frå bøndene blir innhenta og presentert.

I regi av prosjektet har NLR Rogaland og TINE målt grovfôravlinga hos einskilde bønder i Rogaland. I tillegg skal NMBU sjå på tal frå tidlegare avlingsregistreringar og avlingsforsøk. Begge delar er bidrag til å få fram meir fakta om avlingsnivået i Rogaland.

Ber bøndene om å få bruke jordanalysane i prosjektet

Felleskjøpet Rogaland Agder tek årleg i mot store mengder jordprøvar og analyserer dei for innhald av næringsstoff. No ber dei bøndene om løyve til å bruke data frå jordanalysane til å vurdere kva som skjer med fosforinnhaldet i jord med dagens gjødslingsregime. Er det slik at fosfortala i Rogalands-jorda held seg stabil, eller er det slik at dei stig og stig? Med store mengder data vil det vere mogleg å slå fast trekk i utviklinga, noko som vil vere sentral kunnskap i arbeidet med å finne dei rette tiltaka for å nå miljømål i jordbruket. I vurderingane tek dei med seg at fosforinnhald i jord er eit resultat av historisk gjødsling, og at dagens bønder slik sett har arva effekten av eldre regelverk og praksis.

Om prosjektet

Prosjektet Nytt faggrunnlag fra Rogaland som grunnlag for nye vurderinger knyttet til gjødselvareregelverket er breitt forankra i jordbruket i Rogaland med prosjektleiing frå NLR Rogaland.  Prosjektet skal:

  • Vurdere balansepunktet for akkumulering av fosfor i jorda, og skaffe ny kunnskap om uttak av fosfor i grovfôravlinger.
  • Undersøke korleis fosforinnhaldet i jorda har utvikla seg, og sammenhalde funna med forventa auke i P-Al.
  • Undersøke fosforbalansen på gårdsnivå ved bruk av kretsløpstolken, for å vurdere kva rom dette gir for å oppretthalde og eventuell auke produksjonen.

Kontaktperson er Helga Hellesø.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.