Meld deg på! Kurs i Holistic management og regenerativt landbruk

Målretta beiting er eit viktig verktøy i regenerativt landbruk. Foto: Annabell Pfluger

Kurs over 3 samlingar á 3 dagar i heilhetleg beiteplanlegging og drifts- og gardsstyring. Kurshaldar er Anders Lerberg Kopstad. 

Publisert 18.10.2022

Gjennom kurset lærar du å utvikle din eigen heilheitlege kontekst for betre styring av eiga verksemd. Du får óg kunnskap om verktøy for heilheitlege avgjersler, praktisk økonomisk driftsplanlegging og beiteplanlegging. Dei tre samlingane bygger på kvarandre, og du bør delta på alle.

Samling 1: 18.-20. november 2022
Stad: Genoloftet på Særheim, Postvegen 212, Klepp.
Klokke: 18/11 kl. 12-17, 19/11 kl. 9-16:30, 20/11 kl. 9-15.30.

Holistic management – introduksjon. Grunnlaget og rammeverket for heilhetleg forståing av drift og ressursforvaltning i agroøkosystemet. Sjå detaljert program 18.-20.11.

Samling 2: februar/ mars 2023
Tid og nærmare stad på Jæren kjem. Heilheitleg driftsplanlegging. Økonomi-, gards- og beiteplanlegging, vurdere garden sin infrastruktur og skifteplan. Lage beiteplan for garden.

Samling 3: juni/juli 2023
Tid og nærmare stad på Jæren kjem. Praktiske vurderingar ute i eng og beite. Beiteøkologi, lese økosystemprosessar og biologisk overvåking i vekstsesongen.

Påmelding innan 4/11 til samling 1 (18.-20.11) klikk her.
Deltakaravgift per samling: medlemmer i NLR kr 3200, ikkje-medlemmer i NLR kr 3800. Eventuell deltakar nr. 2 frå same gard: rabatt 50%.

For spørsmål, ta kontakt med Norsk Landbruksrådgiving Rogaland v/Ane Harestad, e-post ane.harestad@nlr.no eller tlf. 941 64 528.

Arrangør: NLR Rogaland i samarbeid med Økologisk Rogaland og Statsforvalteren i Rogaland


Kurshaldar, Anders Lerberg Kopstad, er utdanna innen agroøkologi. Han har produksjon av sau, høns og grønsaker og praktiserer Holistic Management på sin eigen gard. Han er godkjent veileiar i Holistic management fra Savory Institute. Les meir om Anders og regenerativt landbruk.

Kurshaldar, Anders Lerberg Kopstad, er utdanna innan agroøkologi. Han har produksjon av sau, høns og grønsaker og praktiserer Holistic Management på sin eigen gard. Han er godkjent veileiar i Holistic management frå Savory Institute. Les meir om Anders og regenerativt landbruk.

Planleggingsverktøyet Holistic management

Holistic Management er eit planleggingsverktøy for å bygge opp garden sine ressursar og drive et regenerativt landbruk. Verktøyet kan nyttast til ulike driftsformer og driftsomfang, økologisk eller konvensjonelt, veksthus eller friland, andelshage eller utmarksbeite, småbruk eller stor landbrukseigedom.

Ein viktig del av arbeidet med Holistic Management og kurset, er å lære seg å lese landskapet og prosessane i landskapet, særleg kretsløpet av vann og minerala, energistraum og artssamspel. Beiting og areal med gras har spesielle funksjonar i mange økosystem. Riktig og målretta beitebruk er difor ofte eit viktig reiskap i Holistic Management og regenerativt jordbruk. I tillegg er økonomien og dei menneskelege faktorane viktige, og ei avklaring av kven som er avgjerdstakar, kva dei involverte ønskjer med drifta og livet sitt samt den økonomiske ramma.

Ved hjelp av planleggingsverktøyet tas avgjerd som skal ta omsyn til alle ressursar på garden dvs. menneske, naturen og økonomien. Arbeidet med Holistic Management omfattar også overvaking og registrering av endringar slik at man kan endre kurs undervegs.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.