Interessant statistikk om utviklinga i jordbruket

Fylkesmannen Vestfold og Telemark har laga eit interessant verktøy med grunnlag i tala frå søknad om produksjonstilskot, der heile landet ligg inne i reknearket. Dette gjer fakta om jordbruket meir tilgjengeleg både for dei som arbeider med faget og dei som er interesserte i utviklinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.07.2020

Her er samla statistikk frå opne kjelder og laga som ein statistikkbank. Det skal vere enkelt å bruke.

Bygd inn i eit Excel-ark

Statistikkbanken er bygd opp slik at du kan gå inn og sjå utvalde utviklingstrekk for ulike produksjonar og areal både på fylkesnivå og kommunevis. Du kan lage dine eigne figurar og du kan finne kjeldene for tala som ligg i banken.

Her er døme på aktuell figur frå arket, utviklinga i talet på føretak og areal per føretak i Rogaland:

 

Fila med statistikken ligg vedlagt denne nettsaka. Her finn du ulike arkfaner som omhandlar dei ulike produksjonane. Du finn informasjon om verktøyet på første arkfane, med tips til korleis du kan navigere.

Har du spørsmål, ta kontakt med oss før du kontaktar eigar av arket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.