Fruktdyrking i område med pærebrann

Inndelinga i pærebrannsone og bekjempingssone i Rogaland. Kart: Statsforvaltaren i Rogaland

Me har dei siste åra fått ein del nye fruktprodusentar spreidd rundt om i fylket. Fleire av desse plantingane er i område der skadegjeraren pærebrann er utbreidd. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.10.2021

I 2020 vedtok Mattilsynet ein ny strategi for å bekjempa plantesjukdommen pærebrann. Målet er å hindra at sjukdommen spreier seg til område der det er mykje fruktproduksjon eller andre område utan smitte. Rogaland er delt inn i sonar:

- I pærebrannsona er pærebrann etablert, og Mattilsynet vil i utgangspunktet ikkje bekjempa utbrot i desse områda.

- I bekjempingssona vil derimot utbrot bli bekjempa i regi av Mattilsynet.

Mattilsynet har no gjort nokre mindre endringar i soneinndelinga i forskrift om pærebrann. Sjå kartet over for oppdatert soneinndeling. 

Viktig med kunnskap om pærebrann

Pærebrann er utbreidd i Rogaland, og store delar av fylket ligg difor i pærebrannsona. Det er òg etter kvart ein del fruktproduksjon i områda som i dag ligg i pærebrannsona. Det er viktig at dei som driv med eple- eller pæreproduksjon, og dei som tenker på å starta opp slik produksjon, skaffar seg kunnskap om sjukdommen. Både Mattilsynet og NIBIO har mykje god informasjon om sjukdommen og symptoma på sine nettsider. Rådgivingstenesta kan òg bidra.

Ikkje offentleg erstatning til produsentar i pærebrannsona

Det finst ei offentleg erstatningsordning som dekkar delar av tapet i dei tilfella der Mattilsynet går inn og fattar vedtak om destruksjon av plantar etter funn av alvorlege skadegjerarar. Mattilsynet vil i utgangspunktet ikkje fatta vedtak om destruksjon av tre dersom pærebrann blir funne hos kommersielle fruktdyrkarar i pærebrannsona. Det blir då opp til produsenten sjølv å vurdera og gjennomføra tiltak. I ein slik situasjon vil produsenten heller ikkje ha krav på offentleg erstatning for det økonomiske tapet som følge av pærebrann.   

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenker til stoff om pærebrann

Fakta om pærebrann på Mattilsynet si nettside. 

Artikkel om pærebrann hos kommersiell fruktdyrkar i Rogaland på NIBIO si nettside.