Skal det vere forbod mot nydyrking av myr?

Landbruks- og matdepartementet har hatt på høyring forslag om forbod mot nydyrking av myr. Endringane er foreslått med utgangspunkt i klimaomsyn. Fylkesmannen har gitt sin uttale til forslaget om endring av nydyrkningsforskrifta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.11.2017

Fylkesmannen støttar nydyrkingsforbodet

Fylkesmannen i Rogaland støttar framlegget, og har i vurderinga også lagt vekt på at det er relativt lite myrareal att i Rogaland som er aktuelt å dyrke. Vi meiner også at det bør det vere strenge reglar for omdisponering av myr til utbyggingsføremål.

Statistikken viser at det har vore dyrka lite myrareal dei siste åra, noko som mellom anna skuldast at det er lite myr att i dei delane av fylket som har høgast press på nydyrking. Det er også slik at nokre myrområde inngår i viktige våtmarksområde, og har ein viktig funksjon når det gjeld vassregulering og som ein del av det biologiske mangfaldet. Difor er det også noko myr som inngår i verneområde.

Unntak

Fylkesmannen ber departementet vurdere nøye om det skal opnast for dispensasjon til dyrking av myr ved «særlege høve», og vi ber samstundes departementet om å gje tydelege og klart avgrensande kriterium for kva som ligg i «særleg høve».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.