Viktig med solid avtaleverk i biogassprosjekt

På studietur til Outrup biogass, mai 2022.
Rogaland biogassnettverk på studietur i Danmark. Foto: Anfinn Rosnes.

Biogassanlegg basert på landbruket sine ressursar har i dag lite omfang i Norge. Men alt tyder på at det framover kjem til å bli etablert nye anlegg av ulike storleikar, som er basert på ulike substrat. Med fleire aktørar involverte kan kompleksiteten i slike anlegg fort bli stor, noko som føreset gode avtaleverk i botn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.07.2022

Biogassproduksjonen er absolutt avhengig av både bonden og biogassprodusenten. Bruken av bioresten involverer ofte endå fleire aktørar, ikkje minst dersom det er snakk om å lage produkt for marknadar utafor landbruket. Lønnsemd, i form at eit positivt økonomisk resultat, er ein føresetnad for at aktørane skal ta eigarskap og investere i biogassanlegg. Bøndene er dei som skal levere inn hovudmengda av substrata, og utgjer dermed den viktigaste føresetnaden. Då er det viktig at også bøndene sikrar seg gjennom solid avtaleverk.

Temamøte om avtaleverket

20.juni i år arrangerte Rogaland biogassnettverk digitalt temamøte «Avtalar med biogassanlegg og bondeorganisering», der essensen eigentleg var «korleis skal bøndene sikre seg». Det går mellom anna på å sikre seg økonomisk (lønsemd), fordeling av ansvar og risiko, sikre at lovar og reglar blir haldne, formuleringar om å unngå konfliktar og prosedyre for å løyse slike, og organisering. Når det gjeld organisering så ble både BioBonden AS og Biogjødselforum Vestfold presentert på møte. Og hovudbodskapen derfrå var at bøndene må stå og organisera seg saman. Nok om organisering.

Olav Røssaak frå Norges Bondelag presenterte to standardavtalar; Avtale for levering av biorest og Avtale om levering av husdyrgjødsel. Det er viktig å presisere at desse standardavtalene berre er utgangspunkt, og at dei må tilpassast dei konkrete prosjekta. Avtalen kan også innehalde fleire detaljerte bilag. Og ei lita gjentaking; både leveranse av gjødsel og mottak av biorest må isolert sett vere lønsamt.

Behov for dokumentasjon 

Biogassanlegg omset næringsstoff. Det er avgjerande at denne omsetninga blir kontrollert og dokumentert (m.a. tørrstoff, volum, næringsinnhald); Kva leverer bonden frå seg? Kva tek biogassanlegget imot? Kva leverer biogassanlegget eventuelt tilbake til bøndene? For bøndene sin del vil dette ha noko å seie både for spreieareal og gjødslingsplan.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.