Storsatsing på biogass i Vindafjord

Illustrasjon av Biovind AS sin fabrikk i Ølen. Foto: Biovind AS.

Biovind AS har fått 44,8 millionar kroner frå Enova til å bygge eit biogassanlegg som skal levere 85 GWh årleg.

Publisert 23.10.2023

Her skal det lagast flytande biogass (LBG), bioCO2 og biorest av husdyrgjødsel og avfall frå slakteri og fiskeri. Kanskje noko matavfall og. Flytande biogass erstattar naturgassen og CO2-gassen skal førast tilbake til slakteria og brukast i produksjonen.

Tomta er klar

Tomta til fabrikken er ferdig planert, og i følgje driftsleiar og fungerande dagleg leiar Rune Sørheim er det snakk om ei investering på 400-500 millionar kroner. No blir det jobba med å få på plass finansiering. Kostnaden med å bygge anlegget har auka monaleg sidan første søknad. Biovind AS har brukt 3-4 år på denne prosessen.

- I tillegg til bankfinansiering, Enova-støtte og eigne midlar er Biovind no også i sluttinnspurten for å sikre seg ein solid investor. Ein investor med erfaring innan biogass, seier Rune Sørheim.

På eigarsida står dei to lokale investorane Rune Furseth og Kjell Thomas Kirketeig i tillegg til Nortura, Fatland og bønder.

Nok energi til alle husstandar i Vindafjord

Fabrikken kan levere 85 GWh årleg, nok til å dekke energiforbruket til om lag 4 400 husstandar. Til samanlikning er det 3 612 husstandar i Vindafjord kommune.

I følgje Biogass Oslofjorden, som har laga ein nasjonal oversikt over samla energipotensial frå biogass Biogassproduksjon per kommune - Biogass Oslofjord, vil Vindafjord kommune stå for 17,5 GWh der heile 16,2 GWh kjem frå husdyrgjødsel. Her er ikkje slakteriavfall frå Fatland og Nortura medrekna.

Husdyrgjødsla er gull verdt

Fabrikken på Nerheim i Ølen treng 123 000 tonn husdyrgjødsel, 20 000 tonn slakteriavfall og noko fiskeslam og matavfall. Totalbehovet ligg rundt 200 000 tonn.

Bøndene som ønskjer å levere husdyrgjødsel til anlegget har organisert seg i Biobonden AS. Kontaktperson er Torleif Stople. Stople seier at dei har danna eit aksjeselskap for å ivareta bøndene sine rettigheitar ved eigarskap i Biovind AS (10 prosent), og for å vere med å sikre lønsam drift av Biovind.

59 bønder er aksjeeigarar i Biobonden AS og dei er hovudsakleg frå Vindafjord, men og frå Tysvær, Ryfylke og Etne. Kvar og ein av bøndene må gå inn med minst 20 000 kroner i aksjekapital for å vere sikra leveranse til anlegget.

- No er me gira på at noko skal skje nå når tilskot frå Enova har kome etter tredje søknad, seier Torleif Stople.

Kva betyr dette for bøndene?

- Vi vil få i retur gjødsel som inneheld meir nitrogen, mindre fosfor og som er homogenisert og dermed lettare og betre til bruk i miljøvenleg gjødselspreiing, seier Torleif Stople.

Torleif Stople viser til eit forsøk som er gjort i regi av Norsk landbruksrådgiving der resultata viser at den flytande bioresten verker godt på eng.

- Ein fordel for oss bønder er at gjødsla kan anrikast med nitrogen frå slakteriavfall og på den måten redusere behovet for kunstgjødsel, seier Torleif Stople.

Kva med fare for smitteoverføring via gjødsla?

- Eg er skeptisk til smitte, men håpar varmebehandlinga tar knekken på ugrasfrøa og andre uhumsker, held Torleif Stople fram.

Gir matavfall trøbbel, eller?

På spørsmål om kva dei tenkjer om å bruke matavfall og kva for utfordringar dei vil møte, svarer Sørheim at matavfallet skal hygieniserast i tråd med krava frå Mattilsynet.

- Me ser utfordringar med at det kan kome framande element med matavfallet, til dømes mikroplast, og dette er noko me har veldig fokus på, seier Rune Sørheim.

Bruk av produkta

Den flytande biorestdelen går tilbake til gardsbruka, og den faste delen kan brukast til så mangt.

- Me lagar planar i samarbeid med aktørar i hagenæringa for å utvikle produkt som kan erstatte torv som vil bli forbudt å bruke i jordforbetringsmiddel, seier Rune Sørheim.

Han fortel og at i nabolaget til fabrikken finns det eit stor hagesenter som er interessert i å utvikle nye produkt i eit fellesprosjekt med Biovind. Det er vesentleg å finne ut av kva sluttprodukta inneheld av næringsstoff. Bioresten kan og vere interessant som vekstmedium for veksthusnæringa.

CO2-gassen skal gå inn i produksjonen til Nortura og Fatland. Eventuelt ut til ordinært sal.

Den flytande biogassen (LBG) skal brukast som drivstoff i transportsektoren.

Vegen vidare

Jobb nummer èin er å få på plass finansieringa.

- Tida framover vil gå til å utarbeide søknader til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Statsforvaltaren, kommunen, Mattilsynet og Arbeidstilsynet og det vil nok ta noko tid, avsluttar Rune Særheim.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.