Stor interesse for solenergi i landbruket

Solceller på tak.
Eit tak for solenergi. Foto: Dagfinn Svadberg Hatløy.

Solkraft på landbruksbygg – våre nye fossefall? Mange bønder i Rogaland er nyfikne på solenergi frå eige gardsbruk. Er det lønsamt for meg? Kor mykje kan eit anlegg på mitt løe-tak produsere? Får eg støtte til investeringa? Desse spørsmåla og mykje meir har ein møteserie om solenergi frå landbruket prøvd å gi svar på i løpet av hausten 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2022

Solenergi – eit areal- og naturvenleg klimatiltak

Rogaland Naturvernforbund i lag med Statsforvaltaren i Rogaland og andre samarbeidspartnarar, har arrangert tre informasjonsmøte, både dag- og kveldsmøte. Møteserien har fått økonomisk støtte frå Klimanettverket på Jæren. Om lag 120 deltakarar har vore med på møte i Hå, Stavanger og Gjesdal. Til samanlikning møtte det tre personar(!) på liknande møte i Stavanger i 2020.

Ønske om å bidra med areal- og karbonnøytral energi, høge straumprisar, eige energibehov, sjølvforsyning av kortreist straum, og moglegheit for støtte frå Inovasjon Norge, har gitt aukande interesse for solenergi i landbruket. Solenergi er òg eit viktig bidrag til å nå måla i jordbruket sin klimaavtale med staten for 2021-2030 som har ambisiøse mål om kutt i klimautslepp frå jordbruket.

«Den stygge straumrekninga naboen min snakkar om, kjenner eg meg ikkje igjen i» uttalte ein gardbrukar som hadde innlegg på eit av møta på Jæren om sitt solcelletak som allereie er installert. Møteserien har fått gode mediaoppslag både i aviser og radio.

Det har også blitt arrangert webinar over to kveldar om solenergi frå Norges Vel i samarbeid med Norsk Fjørfelag, lokallaget i Rogaland. Kurset var ope for alle gardbrukarar. Her deltok om lag 50 personar. Kurset var støtta med KMP-midlar frå Statsforvaltaren i Rogaland. Fysiske møte på Jæren og nemnde webinar har ført til merksemd om solenergi og ønskje om fleire møte, m.a. i Hjelmeland/Ryfylke i løpet av vinteren.

Stor auke i investering og støtte til solenergi siste to år

Tal frå Inovasjon Norge (IN), Rogaland, viser at 59 søkjarar fekk til saman 13,3 mill. kroner i støtte under kategorien «bioenergi» for 2020 og 2021.  Hovudparten av dette er solenergianlegg opplyser IN. I 2019 blei det berre løyvd kr 900 000 til 7 tiltak. Tidlegare var det ikkje mogleg å søkje om berre solceller, det måtte vere i kombinasjon med flisfyringsanlegg. Dette gjeld ikkje lenger og interessa har raskt ført til at potten til solenergianlegg både i Rogaland og nasjonalt er brukt opp.

Sol – fritt tilgjengeleg og ferdig distribuert energi

Sol er 100 prosent rein og fornybar energi. Der anna energi krev at du «eig» energikjelda, f. eks. ein fallrett og del av eit vassdrag, er solenergi fritt tilgjengeleg og klar for bruk. Bonden har areal og bygningar, noko som gjer solenergi til lett tilgjengeleg energi som landbruket har mange fortrinn for å nytte framover.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.