Webinar - Status for biogassproduksjon i Rogaland

På studietur til Outrup biogass, mai 2022.
På studietur til Outrup biogass, mai 2022. Foto: Anfinn Rosnes.

Det manglar ikkje på initiativ innanfor biogassprosjekt i Rogaland. Kva er status for dei ulike prosjekta og kva blir eventuelt gevinsten for bonden ved å levera til biogassanlegg? Rogaland biogassnettverk inviterer til temamøte på Teams, 22. mai kl. 12.00-14.00.

Publisert 09.05.2025

Initiativa presenterer planane sine i Rogaland

Enova har delt ut 437 millionar kroner til 8 biogassprosjekt på landsbasis, der 5 av prosjekta høyrer til i Rogaland. Bio Jæren i Hå, Bioenergi Finnøy i Stavanger, Vireo på Karmøy, Havila i Tysvær og Biovind i Vindafjord har alle fått støtte til initiativa sine. Fleire andre initiativ i Rogaland er på ulike stader i planlegginga og under temamøte vil heile 8 initiativtakarar presentera planane sine for biograssproduksjon.

Betydninga for bonden på dagsordenen

Det er knytt viktige spørsmål til kva biogassprosjekta har av betydning for bonden. Malin Olsen Wedaa, forskar ved NMBU, vil ta for seg biogass i klimakalkulatoren og kva som potensielt blir gevinsten til bonden. Seinare i møte vil Peter Willman frå Klepp kommune og biogassnettverket fortelja om verdsetjing av klimagevinsten.

Det vil bli lagt opp til diskusjon under møte og det blir oppmoda til spørsmål og kommentarar. 

Hald av tidspunktet i kalenderen og meld deg på møte. Alle påmelde får kalenderinnkalling til Teamsmøte i forkant. Påmelding innan 1 time før!

Vel møtt!

Om prosjektet

Prosjektet "Kunnskapsløft for robust klimaomstilling i Rogaland" er ei felles offentleg satsing for å få fram kunnskap om biogass, og legga til rette for kunnskapsformidling ved innføring av nytt gjødselregelverk. 

Klepp kommune eig prosjektet. Kommunane Hå, Time, Stavanger og Vindafjord, samt Haugaland vekst og Statsforvaltaren i Rogaland er med på satsinga. 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.