Ny klimaplan for 2021–2030

Skogen har ei viktig rolle i klimasatsinga.

Regjeringa la nyleg fram ny klimaplan. Planen inneheld tiltak som kan få stor betydning for landbruket i Rogaland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2021

Klima- og miljødepartementet la fram planen i statsråd 8. januar og no ventar behandling i Stortinget. 

Regjeringa vurderer krav om minstealder for hogst 

Skogtiltaka står sentralt i den nye klimaplanen. Karbonlageret i skogen i Noreg er anslått til å vere 2,2 milliardar tonn karbon, noko som tilsvarar 32 prosent av det totale karbonlageret i Noreg. Framskrivingar gjennomført av NIBIO viser at me kan forvente store utslepp frå skogen dei neste ti åra og i planen legg regjeringa fram ei rekke tiltak for å snu trenden.  

I Rogaland er det særleg grunn til å legge merke til at regjeringa vurderer å innføre krav om minstealder på skogen før hogstDet er ei klar utfordring at mykje av skogen i Rogaland blir hogd for tidleg, Det er òg interessant at dei vil sjå nærare på regelverket for å omdisponere skogareal til jordbruksformål.  

I Noreg er omdisponering av skog til andre føremål ein hovudårsak til avskoging og utslepp av karbon frå skogen. I Rogaland viser resultatkartlegginga som blir gjennomført kvart år at ein tredjedel av hogstflatene er planlagt omdisponert til jordbruksareal. I jordbruket må ein søke kommunen for å endre arealbruken, men eit slikt krav finst ikkje for skogareal. Eit krav om dokumentasjon om at arealendring er basert på eit reelt behov, vil vere eit effektivt tiltak for å unngå at god skogsjord går ut utan gode grunnar 

Planting på nye areal 

Rogaland var eit av pilotfylka for prosjektet planting av skog på nye areal som klimatiltak. Satsinga var eit resultat av Stortinget sitt klimaforlik i 2012, og resulterte at fleire attgroingsareal blei planta til med skog. Planting på nye areal er aktivt med på å bøte for avskoging og pilotprosjektet viste at mange grunneigarar stiller seg positive til tiltaket i Rogaland. Prosjektet blei ferdigstilt i 2018 og Miljødirektoratet og Landbruskdirektoratet kom i 2019 med tilråding om korleis føre ordninga vidare. Det er difor positivt at tiltaket no er med i klimaplanen.

Trekk ungskogpleien fram i lyset 

Planen trekk fram fleire tiltak som handlar om å styrke allereie eksisterande praksis. Dette gjeld mellom anna ungskogpleien, som gir ein gevinst i form av at eit legg til rette for at dei trea med best kvalitet skal produsere godt og dermed binde mest mogleg karbon. I Rogaland har ungskogpleien vore på eit historisk lågt nivå dei siste ti åra, men me ser at trenden forsiktig er på veg til å snu. 

Intensjonsavtalen med jordbruket styrka 

Klimaplanen slår fast at regjeringa legg intensjonsavtalen med organisasjonane i landbruket til grunn i sitt framtidige klimaarbeid på jordbruksområdet. Dermed blir kutt i kjøtforbruket mindre vektlagt enn i klimakur 2030. Avtalen med landbruket inneheld eit kutt på 5 millionar tonn CO2-evivalenter. Kutta skal nås gjennom ein rekke tiltak som t.d. betre gjødselhandtering, avlsarbeid, karbonlagring i jord. Meir om klimaavtalen med jordbruket les du på heimesida til landbruks- og matdepartementet.  

Avgift på mineralgjødsel og satsing på biogass 

Lystgass frå mineralgjødsel er berekna til 0,45 millionar tonn CO2- ekvivalentar.  Regjeringa vil greie ut effektar og konsekvensar av ei avgift på mineralgjødsel for å redusere utsleppa av lystgass. I Rogaland blei det i 2018/2019 selt 12 254 tonn nitrogen i mineralgjødselAvgift på mineralgjødsel er ikkje ein del av klimaavtalen med landbruketDei aller fleste jordbruksareala i fylket som ikkje er i økologisk drift, blir gjødsla med mineralgjødsel.  Rogaland har svært mykje husdyrgjødsel og det blir arbeidd med å utvikle nye gjødselprodukt basert på husdyrgjødsel. Det er òg fleire interessante satsingar på gang for å få etablert fleire biogassanlegg med utnytting av husdyrgjødsel i Rogaland. Husdyrgjødsel er eit av få substrat som gir klimagevinst ved produksjon og ikkje berre gjennom at gassen erstattar fossilt brennstoff. Det er laga fleire rapportar som viser potensialet for biogassproduksjon i Rogaland.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.