Klimagassreduksjon i veksthusnæringa

Produksjon av tomat i veksthus i Noreg kan ha eit lågare utslepp av klimagassar enn importert vare. Utslepp av klimagassar kjem hovudsakeleg frå bruk av naturgass til oppvarming og CO2 tilførsel til plantene. Ein ny rapport ser på moglegheitene til å redusera CO2-fotavtrykket i veksthusnæringa. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2021

NIBIO har nyleg utgitt rapporten "Klimagassreduksjon i veksthusnæringen i Rogland: Muligheter, barrierer og tiltak". Både Stavanger kommune og Biorådet fasilitert av Rogaland fylkeskommune har hatt prosjekt om veksthusnæringa og klimagassar siste året. Rapporten presenterer arbeidet til begge desse gruppene. 

Naturgass viktigaste energikjelde i dag

Veksthusnæringa gjekk frå å nytta olje til å nytta naturgass til oppvarming på begynnelsen av 2000-talet, og tok då eit stort steg i retning av å bli meir berekraftige. Men klimagassutslepp frå veksthus kjem òg i dag fyrst og fremst frå oppvarming, i tillegg til tilførsel av CO2 for å auka planteveksten. 

Heilårs tomatproduksjon i moderne veksthus i Noreg har i dag eit lågare utslepp av klimagassar enn importtomater. CO2-fotavtrykket til tomatar frå sesongproduksjon kan vera vesentleg høgare.

Lønsemda avgerande

For at gartnarane skal gjera klimatiltak er lønnsemda avgjerande. Veksthus som går over til å nytta straum i staden for gass vil få størst lønsemd dersom dei innstallerer tilleggslys. Ei stor utfordring er manglande kapasitet på straumnettet mange stader i fylket. Andre moglege kjelder til fornybar energi er biogass og spillvarme, men dette krev som regel samarbeid mellom fleire næringar. Energiforbruket kan reduserast ved å nytta optimal klimastyring og bruk av energigardin, avfukting, varmepumpe/varmevekslar, buffertank, og CO2-fangst. Rapporten slår fast at det berre vil vera lønsemd i dei fleste av tiltaka dersom gartneriet går over til heilårsproduksjon. 

Rogalandgartneri i ferd med å bli klimanøytralt

I produksjon av veksthusgrønsaker blir det oftast tilført CO2 for å auka avlingsnivået. Rogalandsfirmaet Greencap har utvikla teknologi som hentar ut CO2 frå lufta utanfor, og nyttar dette i eit lukka veksthus med klimastyring. Metoden kan gjera veksthusproduksjon klimanøytral. Lauvsnes Gartneri på Finnøy er i ferd med å innstallera teknologien, og har ei målsetting om å bli klimanøytrale.

Les meir om Greencap sin teknologi og prosjektet hos Lauvsnes Gartneri her.    

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.