Biogass – inspirasjonstur til Danmark

På studietur til Outrup biogass, mai 2022.
På studietur til Outrup biogass, mai 2022. Foto: Anfinn Rosnes.

Rogland biogassnettverk var på inspirasjonstur til Danmark 3.–4. mai 2022. 29 deltakarar fekk god kunnskap om bygging og drift av biogassanlegg. Våre danske naboar har kome langt i satsinga, og har ambisjonar om at biogass skal vere hovudkjelda i det nasjonale gassnettet innan kort tid.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2022

Fellesanlegg dominerer – døme frå Ribe Biogass 

Reisefølget besøkte tre typiske danske anlegg i området ved Esbjerg, tre relativt store anlegg. Her følgjer ein kort omtale av siste stopp på turen ved Ribe Biogass, eit anlegg med 60 bønder som eigarar.

Filosofien til anlegget er at bonden skal ha tre bein å stå på – Jordbruk, Husdyr og Energi. Fem bønder starta opp i 1990 med tre reaktorar, og dei har utvida stegvis etter det. Det blir i dag levert ut 1700 m3 oppgradert metangass i timen på det nasjonale nettet. Med dagens prisar på opp mot 10 DDK pr m3 er dette god økonomi.

Dei tek i mot om lag:

  • 330 000 tonn gylle (husdyrgjødsel)
  • 24 000 tonn strø/talle/halm
  • 20 000 tonn mais/gras
  • 30 000 tonn industriavfall
  • 25 000 tonn matavfall

Anlegget eig tre semitrailerar der fem sjåførar køyrer inn og ut husdyrgjødsel på skift. Dei køyrer på vekt inn og det blir teke prøve av tørrstoffprosenten, samt prøve av næringsstoff ein gang per månad. Bonden får ikkje betalt for levert gjødsel frå svin dersom tørrstoffprosenten er under 4 %, men får betalt opp til 34 DKK pr tonn om det er meir tørrstoff.

Dei har ein «ettertank» på 20 000 m3. Dei hadde gjort eit forsøk på å la restproduktet ligge i tanken i tre veker, for at den skulle skilje seg i eit tynt lag øvst og eit tjukkare nedre sjikt. Fosforinnhaldet vil vere lågast i øvre sjikt, og dei kunne da ta ut restprodukt meir målretta etter behov hos bonden. Det viste seg å vere noko krevjande å få avsetting på den tjukkaste delen frå botnen. 

Stort potensial i Rogaland

Rogaland har som kjend unike føresetnader i forhold til mengd husdyrgjødsel, fosforproblematikk og spreieareal og eksisterande infrastruktur for gass. Fordi avstandane på Jæren er såpass korte vil ikkje transportavstandar vere like avgjerande som i andre område. Turen til Danmark stadfesta, etter vår vurdering, at større fellesanlegg er den beste løysinga, både økonomisk og teknologisk. Vi fekk elles innsyn i at det er ulike rammevilkår i Noreg og Danmark.

Fleire anlegg er under planlegging i Rogaland, og det blir spanande å følgje utviklinga vidare. Du kan finne nyttig informasjon på Rogaland biogassnettverk si Facebook-side.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar