26 av 97 millionar til to spanande forskingsprosjekt innan landbruk i Rogaland

Tomatar i veksthus Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Landbruks- og matminister Sandra Borch seier at forsking gir resultat som lønar seg, og prosjekta frå Rogaland som skal utvikle metodar for å fange og nytte CO2 i veksthus og utvikle betre grovfôr blir særleg framheva.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2021

Forskingsmidlar for jordbruk og matindustri finansierar forsking og innovasjon i heile verdikjeda frå primærledd til industri- og forbrukarledd. Prosjekta skal mellom anna dekke viktige kunnskapsbehov. Meir informasjon om ordninga finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet, og meir om løyvingane i desember 2021 i pressemelding få Landbruks- og matdepartementet (LMD).

Agrosense AS går for betre grovfôr

Agrosense AS frå Finnøy er tildelt heile 13,2 millionar til eit prosjekt som går på å utvikle betre grovfôr. Prosjektet har fått følgjande omtale i nemnte pressemelding frå LMD:

«Med bedre grovfôr blir bonden mindre avhengig av innkjøpt fôr. Det er bra for bondens økonomi, og det bidrar til å oppfylle målet i Hurdalsplattformen om å øke sjølforsyningsgraden, sier landbruks- og matminister Sandra Borch.»

Det skjer alltid noko spanande hjå familien Vastveit på Finnøy, og vi ser fram til å følgje dette prosjektet i grovfôrfylket Rogaland.

Greencap Solutions AS vil fange CO2

Greecap Solutions As er også tildelt over 13 millionar til eit spanande prosjekt som går på effektivisering av fangst og utnytting av grøn CO2. Her skal dei utvikle teknologi som legg til rette for vesentleg kutt i klimagassutslepp. Teknologien er aktuell i veksthusbransjen, og vinsten er særleg knyta til redusert energibehov. Dei skal mellom anna samarbeide med NIBIO Særheim.

Dette prosjektet kan bidra til å redusere klimagassutslepp og dermed klimarekneskapet for kvart bruk og Rogaland som veksthusfylke.

Fokus på berekraft i Rogaland

Begge dei aktuelle prosjekta fell inn under den positive kreativiteten som no skjer kring framtidsretta landbruk i Rogaland, med fokus på berekraft.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.