56,4 millionar kroner til biogassanlegg i Rogaland

Husdyrgjødsel i utvendig lager Foto: Nono Dimby.

To biogassanlegg i fylket får tildelt midlar frå Enova. 44,8 millionar kroner til Biovind AS i Vindafjord og 11,6 millionar kroner til Bioenergi Finnøy AS.

Publisert 13.10.2023

Biovind AS sitt anlegg skal etablerast på Nærheim Næringspark og vil ha ein produksjon på 85 Gwh. Dei skal laga biogass av husdyrgjødsel, matavfall og avfall frå slakteri og fisk.

Vi har tatt ein prat med Kristian Spanne som er dagleg leiar i Bioenergi Finnøy AS

Lang prosess

Det er gått 14 år sidan oppstarten i 2009, men no har Bioenergi Finnøy AS fått 11,6 millionar kroner frå Enova til realisering av eit biogassanlegg på Lauvsnes.

Positivt for klima og miljø

Ut av knappe 40 000 m3 husdyrgjødsel skal det dannast biogass tilsvarande 20 Gwh. Biogassen skal oppgraderast og sendast ut i Lyse sitt røyrsystem. Gartneri i gamle Finnøy er brukarar av naturgass tilsvarande 40 Gwh og halvparten av forbruket vil bli erstatta av den meir miljøvenlege biogassen.

Kristian Spanne er kjempestolt over å få vere med på denne historiske utviklinga.

- Dette er eit vinn-vinn-konsept der landbruket får redusert klimagassutslepp og belasting på miljøet, seier han.

Han informerar om at i tillegg til biogassen vil CO2  -gassen bli brukt i produksjonen av tomatar på det 30 dekar store veksthuset hos Lauvsnes gartneri. Planen er å utvide leveransane nordover til eit gartneri på 15 dekar.

Alt er klart - unnateken finansieringa

Bioenergi Finnøy AS har fått godkjent byggetomt og vegtilknyting ved Lauvsnes gartneri. Det er lagt planar om å bygge eit anlegg etter ein dansk modell, og det er Lundsby Biogass frå Danmark skal bygge og igangsette anlegget.

Kostnadsramma har auka frå 25 millionar kroner ved oppstarten av prosjektet til nær 100 millionar kroner.

- Vi forventar at anlegget er oppe og går om eitt år, seier Spanne.

Lundsby treng 3 månader byggetid og 3 månader til innkøyring. Byggesøknad vil bli sendt så fort som rå, men først må finansieringa kome på plass. Spanne opplyser at dei har 20 millionar kroner i aksjekapital, men at dei må dobla dette før dei kan kome i gang.

- Det får vi til, bedyrar ein opprømt Kristian Spanne.

Bak dette prosjektet står Bioenergi Finnøy AS, Stavanger kommune, Lyse, IVAR, Valinor og FKRA.

Statsforvaltaren i Rogaland gratulerar både Biovind AS og Bioenergi Finnøy AS med tildeling av midlar frå Enova!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.