Fagsamling for landbruksforvaltninga i Rogaland
- Dato:
- 3. juni 2026 09:30 - 4. juni 2026 15:30
- Stad:
- Quality Hotel Maritim, Åsbygata 3, 5528 Haugesund
- Arrangør:
- Kommunane på Haugalandet og Statsforvaltaren
- Målgruppe:
- Kommunal landbruksforvaltning i Rogaland
Statsforvaltaren inviterer igjen til den årlege fagsamlinga for landbruksforvaltninga – ein viktig arena der vi styrkjer beredskap, deler kunnskap og byggjer eit breiare nettverk på tvers av stat og kommune.
I år samlast vi på Haugalandet, ein region kjend for sterkt landbruksmiljø, kystnær kultur og eit engasjert fokus på berekraftig matproduksjon.
Gjennom to innhaldsrike dagar dykkar vi ned i aktuelle og viktige tema som beredskap, dyrevelferd, planvask, gjødselregelverk, avskoging, kystlynghei, gründerkompetanse og lokalmat. Samstundes utforskar vi korleis vi saman kan stå rusta til å møte dei endringane og utfordringane som vil prega landbrukssektoren framover.
Samlinga gir rom for både inspirasjon, refleksjon og erfaringsdeling – og for å knyte nye band som styrkjer samarbeidet i kvardagen.
Vi overnattar på Quality Hotel Maritim, midt i hjartet av Haugesund. Dag to blir det som vanleg synfaring – og vi reiser i fellesskap med buss, slik at alle får god tid til både fagprat og utsyn undervegs.
Vi gler oss til to dagar med fagleg påfyll, gode samtalar og nye perspektiv – og til å sjå dykk alle på Haugalandet!
Påmeldingsfrist: 30. april
Velkomen!
Program
Onsdag 3. juni
09.30-10.00 Registrering og ein matbit på Hotell Maritim
10.00-10.15 Velkomen og opning av fagsamlinga ved Annette Sæther, næringssjef, Haugesund kommune
10.15-10.35 Nytt frå landbruket og presentasjon av nye tilsette i kommunane og hos Statsforvaltaren ved Monica Dahlmo
10.35-11.05 Utfordringsbiletet og omstillingar i mjølkesektoren ved Bjørn Halvor Åsland, TINE
11.05-11.20 Pause
11.20-12.00 Totalforforsvarsåret 2026 – også viktig for landbruket ved Tonje Fjermestad Aase, Statsforvaltaren
12.00-13.00 Lunsj
13.00-13.25 Villmat = lokal verdiskaping av naturgitte ressursar på Hagland ved Siw Irene Bogshamn, Villmat
13.25-13.40 Kva skal vi gjere med dei fråflytta driftsbygningane i landbrukslandskapet? Ved Elin Schanche, seksjonsleiar landbruk i Sola kommune
13.40-13.50 Samtale om næringsutvikling med Bogshamn og Schanche, leia av Statsforvaltaren
13.50-14.00 Pause
14.00-14.30 Nytt frå Mattilsynet ved Guro Myhrene, seksjonssjef for planter og dyr i Sør-Rogaland i Mattilsynet
14.30-14.50 Om arealplan og jordvern ved Vigleik Winje, planansvarleg i Karmøy kommune
14.50 –15.15 Arbeidet med FRAM planen - retningsliner for landbruksområde og massehandtering ved Rogaland fylkeskommune og Rune Lian, Statsforvaltaren
15.15-15.35 Pause
15.35-16.00 Jord og jordmassar - fagleg påfyll om jord, ved Torhild N. Anda, Statsforvaltaren
16.00-16.15 Gjødselregelverket - oppdatering frå Rogaland ved Nono Dimby og Monica Dahlmo, Statsforvaltaren
16.15-16.25 Samtale
16.25-16.50 Frå skog til spreieareal på innmarksbeite, ved Stein Bomo og Nono Dimby, Statsforvaltaren
16.50-17.00 Informasjon om morgondagens bussturar
19.00 Festmiddag
Torsdag 4. juni
Her kan du velje mellom to turar enten til Vindafjord eller Karmøy.
🌿 Busstur til Vindafjord – Ei reise gjennom landbruk, lokalmat og grøne løysingar
08:00 Avreise frå Hotel Maritim, Haugesund
Vi startar dagen med avgang frå Haugesund – klar for fagleg påfyll og flotte naturopplevingar.
08:30 Påstigning i Aksdal
Bussen svingar innom Aksdal og plukkar opp deltakarar ved parkeringsplassen i Rådhusvegen (merk: delar av området er Tesla‑ladestasjon).
09:00–10:15 Gardsbesøk i vakre Vikebygd
Magne Bjordal tek oss med inn i drifta på garden. Her får vi høyra om rensepark, nydyrking, juletre, fangdammar, gris, sau – og meir til. Eit praksisnært innblikk i aktivt og framtidsretta landbruk.
10:35–10:45 Tømmerkaia på Utbjoa
Vi stoppar ved den nyutvida tømmerkaia. Ordføraren i Vindafjord orienterer om satsinga og dei nye moglegheitene for lokal verdiskaping.
11:15–12:30 Tveit Søndre Gardsmat i Ølen
Vi besøker ein lokal kjøtprodusent og slaktar med breitt spekter: mjølkekyr, sau, hjortevilt og gardsbutikk med fokus på kortreist mat og kvalitet i alle ledd.
13:00–14:30 Lunsj på Øvregård i Imsland
Vi blir serverte ein god lunsj med dessert, og vertskapet ved Anita Øvregård fortel om gardsdrift, bakst, foredling og den tradisjonsrike landhandelen.
15:05–15:15 Flisfyringsanlegget ved Vindafjordhallen
Nyetablert og framtidsretta energiløysing. Det blir orientering om drift og energibruk – rett frå buss-setet.
15:45 Retur til Aksdal
Dagen rundast av med ankomst Aksdal.
🌊 Busstur til Karmøy – Landskap, lokal mat og landbruk i endring
08:30 Avreise frå Hotel Maritim, Haugesund
Bussen set kursen mot Karmøy, med løpande informasjon om kommunen og det særprega landskapsvernområdet på vestkysten.
09:10–10:40 Langåkergarden AS, Stol
Vi besøkjer ein stor grønsaksprodusent med eige pakkeri. Det blir fagleg innlegg om marknad, utvikling og utfordringar i grønsaksproduksjon – samt orientering frå vasskoordinator om vasstiltak i Langåkeråna.
11:00–12:00 Avaldsnes grunneigarlag, Skår
Her får vi innblikk i arbeidet med skjøtsel og beiting i kystlynghei – eit viktig og sårbart kulturlandskap.
12:15–13:15 Lunsj på Fransehagen Café & Bistro, Visnes
Lokalmat på sitt beste! Det blir informasjon om Skeie gard og restauranten Oxe medan vi nyt lunsj med kortreiste råvarer.
13:25–14:25 Hilmar Eide, Torvastad
Vi besøkjer ein aktiv saueprodusent som deler erfaringar om drift og avl. HT Gjerde informerer om solide og effektive gjerdeløysingar.
14:30–15:15 Bjørgene friluftsområde, Torvastad
Her får vi høyre om det viktige tilretteleggingsarbeidet til Bøtoppen alternative skule, som bidreg til god tilkomst og bruk av området.
15:30 Retur til Hotel Maritim, Haugesund
Bussen køyrer vidare til Aksdal for dei som skal av der.
- Dato:
- 3. juni 2026 09:30 - 4. juni 2026 15:30
- Stad:
- Quality Hotel Maritim, Åsbygata 3, 5528 Haugesund
- Arrangør:
- Kommunane på Haugalandet og Statsforvaltaren
- Målgruppe:
- Kommunal landbruksforvaltning i Rogaland