Ope møte for nye faste verjer

Dato:
4. oktober 2023 16:30 - 19:00
Stad:
Tysværtunet kulturhus, Aksdalvegen 157, 5570 Aksdal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Interesserte på Haugalandet og i Ryfylke
Bilde: Canva Pro

Statsforvaltaren i Rogaland arrangerer eit ope og heilt uforpliktande møte om verjemålsordninga og kva det vil seia å vera fast verje. Møtet er meint for dei som er faste verjer – og dei som kan tenka seg å bli fast verje. Her får ein informasjon og kan stilla spørsmål, utan å forplikta seg til noko som helst. Fleire representantar frå Statsforvaltaren i Rogaland er til stades.

Publisert 27.09.2023

Dei som treng verje slit med å ta vare på eigne interesser. Dei treng nokon som kan hjelpa til i møtet med det offentlege – eller med å halda orden på økonomien.

Varierande behov, varierte oppgåver

Oppgåvene for ei verje varierer og mangfaldet er derfor stort.

- Eit menneske som treng verje kan ha ein demenssjukdom, vera rusmisbrukar, ha ein psykisk sjukdom eller vera alvorleg svekka på andre måtar. Dersom dei treng hjelp, og samtykker til dette, kan me oppretta eit verjemål, fortel seniorrådgivar Anne Beth Hovland hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Ingen formelle krav for å vera verje

Ei fast verje er engasjert av Statsforvaltaren for å kunna ta fleire verjeoppdrag. Dersom personen som treng hjelp ikkje har nære pårørande, eller andre som kan ta på seg verjeoppdraget, oppnemner Statsforvaltaren ei av dei faste verjene som me har avtale med.

Det er ingen formelle krav til utdanning eller yrkeserfaring for å kunna bli fast verje. Det er likevel krav om at ein er personleg eigna, har motivasjon, kan handtera ein PC og har orden i eigen økonomi. I tillegg må du ha høve til å ha minimum fem verjeoppdrag. Me gjennomfører samtale med den som er interessert, hentar inn politiattest og gjer ein enkel kredittsjekk av aktuelle søkjarar.

Det er verjer frå nordfylket me ser etter nå

I denne rekrutteringsrunden er det først og fremst verjer som kan ta oppdrag i nordfylket, frå Karmøy i sør-vest til Sauda og Suldal i nord og aust, me ønskjer å rekruttera.

Dato:
4. oktober 2023 16:30 - 19:00
Stad:
Tysværtunet kulturhus, Aksdalvegen 157, 5570 Aksdal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Interesserte på Haugalandet og i Ryfylke