Ope årsmøte i Skogselskapet med seminar om skogsatsing i Dalane

Dato:
21. juni 2023 09:30 - 18:30
Stad:
landbrukssenteret Helleland
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland i samarbeid med Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Eigersund kommune
Målgruppe:
skogeigarar, bønder og andre interesserte.

Vidare skogsatsing i Dalane er hovudtema for seminardelen. Kva planar har storentreprenør og fersk skogeigar, Bjørn Risa, for sine investeringar i skog? Dette er berre eit av mange skogfaglege spørsmål du får svar på om du blir med på ope årsmøte og seminar i Skogselskapet i Rogaland.

Publisert 23.05.2023

Det skjer onsdag 21. juni 2023 kl. 09.30, på Landbrukssenteret, Sirdalsveien 38, 4376 Helleland

Me startar med ope årsmøte, og etter lunsj er det seminar med spanande emne og engasjerte foredragshaldarar. Dagen blir avslutta med besøk til Eigersund Skog- og treplantingsselskap sin eigedom på Grødem, der Irene Randen orienterer om eigedomen, drift og erfaringar ved bruk av ulike treslag. Programmet finn du vedlagt.

Andre emne me set søkjelyset på:

  • Skogbruk i eit endra klima – aktuelle treslag og skogtiltak
  • Kva betyr  ny PEFC Skogstandard for deg som skogeigar?
  • Ny organisering av skog- og vilt forvaltninga i Dalane

Årsmøtet og seminaret blir arrangert i samarbeid med Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Eigersund kommune.

Påmelding

Skal du vere med på årsmøtet?
Skal du vere med på seminaret?
Skal du ha lunsj?
Dato:
21. juni 2023 09:30 - 18:30
Stad:
landbrukssenteret Helleland
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland i samarbeid med Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Eigersund kommune
Målgruppe:
skogeigarar, bønder og andre interesserte.