Fagdag om regenerativt landbruk og bygging av fruktbar jord, Sandeid

Dato:
4. oktober 2022 09:30 - 15:10
Stad:
Sandeid Samfunnshus, Sandeidvegen 813, Sandeid
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland i samarbeid med fleire
Målgruppe:
Bønder, landbruksforvaltning, rådgivarar
Målrettet beiting er eit viktig element i verktøykassen til regenerativt landbruk. Foto: Arin Erga

Lær om korleis en kan bygge opp mold i jorda og lar mikroorganismane jobbe for deg. Høyr om erfaringane frå bønder som har testa ut regenerative metodar. 

Publisert 30.08.2022

Velkomen til ein innhaldsrik dag om jord, oppbygging av humus, tolking av jordanalysar og beiting som eit av verktøya i regenerativt landbruk og karbonbinding. Kurshaldar er Vibhoda Holten i Sunn Jord, det vil bli innlegg frå lokale bønder, frå NLR om drenering og Statsforvalteren om tilskot gjennom Regionalt miljøprogram. Dagen passer best for deg med grovfôrbasert husdyrhald.

Fagdagen vil bli arrangert 4.oktober på Sandeid Samfunnshus i Vindafjord og 6.oktober på Øksnevad vgs i Klepp kommune.

Påmelding: Innan 2.oktober nedst på sida. Ver venleg og vipps kr 200 til #129852 som eit bidrag for møtematen når du melder deg på.


Program

09.30–10.00 Kaffi og drøs

10.00–10.05 Velkomen ved Annabell Pfluger, Statsforvaltaren i Rogaland

10.05–11.30 Jordliv - fôrkvalitet - humusbygging. La jordlivet jobbe i staden for N-P-K. Tolking av jord-analysar. Grasmarkspleie ved Vibhoda Holten, Sunn Jord

11.30–12.00 Enkelt lunsj

12.00–12.50 Behandling av gylle og talle - nøkkelen til vellykka drift av grasmark Vibhoda Holten

12.50–13.00 Beinstrekk

13.00–13.30 Målretta beiting i praksis ved Tor Sven Utvik, Uvik gard. Ammekyr, nyttar heilskapleg planleggingsverktøy for beitemønsteret som krev hyppig flytting av dyr. 

13.30–14.00 Målretta beiting i praksis ved Martin Aeschliemann, Søre Skogen. Sau, hest og storfe. Kompostering av talle, uttesting av kompostte som jordforbetring.

14:00–14:10 Beinstrekk

14.10–14.40 Kvifor gir god agronomi best grovfôrøkonomi? Ved Bård Oliver Gjellestad, NLR Rogaland

14.40-15.10 Regionalt miljøprogram - kva kan du får støtte til? Ved landbrukskontoret i Vindafjord kommune

15.10 Vel heim!

                                                                

Hugs påmelding innan 2.oktober

Fagdagen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Økologisk Rogaland og NLR Rogaland, og har fått støtte frå Rogaland fylkeskommunen sine RK-midlar.

Påmelding til webinar "Kva kan bønder i Rogaland søke Innovasjon Norge om i 2023?

Informasjon om arrangement og anna nytt innan næringsutvikling i landbruket frå Statsforvaltaren i Rogaland.
Dato:
4. oktober 2022 09:30 - 15:10
Stad:
Sandeid Samfunnshus, Sandeidvegen 813, Sandeid
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland i samarbeid med fleire
Målgruppe:
Bønder, landbruksforvaltning, rådgivarar