Velkomen til opent stormøte i Tysvær - Framtidas dyrehald

Dato:
11. mai 2022 19:00 - 22:00
Stad:
Tysværtunet storsal
Arrangør:
Satsinga Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland
Målgruppe:
Bønder og andre interesserte
Beitande sau på Kartavoll
Beitande sau på Kartavoll

Satsinga Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland arrangerer opent stormøte «Framtidas dyrehald». Det blir ein innhaldsrik kveld med fagleg påfyll med noko attåt.

Publisert 29.04.2022

Rogaland er eit stort husdyrfylke kor ein finn om lag 20 prosent av all storfe og sau, og om lag  30 prosent av all gris og kylling i Noreg. Her finn ein flinke og fagleg ambisiøse bønder som er opptekne av godt dyrestell, og som stadig gjere forbetringar. Det bidrar til at norsk dyrehelse- og velferd ligg i verdstoppen. Det ønskjer me at den skal fortsette med! Da er det viktig med samlingar kor praktisk erfaring, forsking og kunnskap er i flyt. Slik skal me saman sikra at me ikkje stagnerer, men er framoverlente når det gjeld dyrehelse- og velferd.

 

Foredragshaldarar for kvelden

  • Cecilie Marie Mejdell frå Veterinærinstituttet har med seg smakebitar frå dyrevelferdsforsking på storfe.
  • Øystein Moen frå Norsvin skal fortelje om korleis god dyrehelse og -velferd er nøkkelen til auka verdiskaping og inntening for norske svineprodusentar.
  • Olav Tjelta frå Norsvin skal fortelje om prosjektet SPF.
  • Siv Svendsen frå Animalia gjer oss siste nytt om dyrevelferdsprogrammet for sau.

Det er gratis å delta.  

Velkomen

Dato:
11. mai 2022 19:00 - 22:00
Stad:
Tysværtunet storsal
Arrangør:
Satsinga Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland
Målgruppe:
Bønder og andre interesserte