Webinar om kvifor og korleis rapportere juletresalet til VSOP

Dato:
1. februar 2022 19:00 - 20:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland juletre
Målgruppe:
Juletreprodusentar

Vil du vite meir om VSOP eller er usikker på korleis du rapportere inn tala? Den 1. februar får du ei kort innføring i kva VSOP er og korleis du rapporterer inn salet ditt. Webinaret er arrangert i samarbeid med Rogaland juletre.

Publisert 07.01.2022

Sal av juletre og pyntegrønt skal i likheit med tømmer og ved meldast inn til Virkesdatabase for Skogfond Og måleOpplysninger (VSOP). Samtidig som du rapporterer inn salet kan du sette av skogfond. Produsentar av juletre og pyntegrønt er pliktig til å melde inn salet, men det er frivillig å sette av skogfond.

Føremålet med databasen er hente inn data til statistikk over sal og marknad for juletre, gi oversikt over aktiviteten i skogbruket og  opplysningar til bruk for trekk og innbetaling av skogfond. Det er Landbruksdirektoratet som er ansvarlege for Virkesdatabasen.

I dette webinaret får du høyre meir om kva VSOP er og kvifor det er viktig å rapportere. Me snakkar også om kven som rapporterer og kva tid det skjer, før me har ein praktisk gjennomgang av korleis ein rapporterer. Det er moglegheit for å stille spørsmål gjennom heile webinaret.

Webinaret er arrangert i samarbeid med Rogaland juletre.

Tidspunkt: 1. februar 2022

Klokkeslett: 19.00 - 20.00

Stad: Teams. Me sender ein link til epost-adressa til dei som har meldt seg på som de bruker til å klikke inn på webinaret.

Påmelding: I skjemaet under. Frist for påmelding er 30. januar.

Program

Kva er VSOP og kvifor må ein for rapportere?

Kven skal rapportere og når?

Praktisk gjennomgang av digital rapportering

Praktisk gjennomgang av rapportering med papirskjema

 

Dato:
1. februar 2022 19:00 - 20:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland juletre
Målgruppe:
Juletreprodusentar