Konferanse - omstilling og vekst for Rogalandslandbruket

Dato:
27. august 2021 10:00 - 15:00
Stad:
Øksnevad vidaregåande skole
Arrangør:
Rogaland landbrukspark, Rogaland bondelag, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Politikarar, næringsutøvande i landbruket, rådgiving, forvaltning, undervisning, og andre samfunnsengasjerte
Grønsaksåker og slått av grasmark i Klepp Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.
Grønsaksåker og slått av grasmark i Klepp Foto: Statsforvaltaren i Rogaland. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Kva ambisjonar har styrande makter og politikarane for matfylket Rogaland, og er det eigentleg vilje til å få til ei berekraftig omstilling?

Publisert 08.04.2021

Trendane i norsk forbruksmønster er mindre kjøtforbruk samstundes som norsk mjølkekonsum går ned. Etterspurnaden er aukande etter produkt som bær, frukt og grønsaker. Ei omstilling av produksjonen krev at heile verdikjeda fungerer; alt frå rammevilkår til marknadsadgang.

Konferansen vil ta opp tema som rammevilkår og omsetning – moglegheiter og hindringar for omstilling og vekst for Rogalandslandbruket.

Agenda

10.00 Registrering, vi møtast over kaffikoppen og ved fruktfatet til koronafri småprat  
10.30 Velkomen til Øksnevad vidaregåande skole Eiliv Fougner Jansen, rektor
10.35 Mat og marknad – korleis NIBIO og Rogaland Landbrukspark engasjerer seg Arne Sæbø, stasjonsstyrar NIBIO Særheim og styreleiar i Rogaland Landbrukspark
10.45 Korleis vil Bondelaget bidra til omstilling i jord- og hagebruket i Rogaland? Marit Epletveit, styreleiar i Rogaland Bondelag
11.00 Tilgang til marknaden gjennom betre handelsavtalar -realismen i å auka norsk produksjon gjennom redusert import Leif Forsell, sivilagronom/landbruksøkonom
11.25 Har vi handlingsrom med omsyn til omstilling i norsk landbruk?
Maktfaktorar i norsk matproduksjon – styrer politikken kjedene eller er det kjedene som styrer politikken?
Olaug Bollestad, landbruks- og matminister
11.50 Enkel lunsj servert av elevar ved skolen
12.45 Er vi forberedt og har vi verktøy til omstillingar i norsk jord- og hagebruk? Geir Pollestad, leiar av næringskomiteen på Stortinget
13.05 Grøntsektoren i Rogaland: moglegheiter og hindringar for å auka produksjonen

Ivar Pettersen, NIBIO

13.30 Kor viktig er det å få stabile forsyningar av råstoff og kva konsekvensar kan ein nedgang gi?

Terje Wester, dagleg leiar Fatland AS

13.55  Beinstrekk

 

14.05 Paneldebatt. Innleiarane deltar

 

 Leia av Tor Øyvind Skeiseid

14.50 Avslutning

  Arne Sæbø

 

Det vert gitt rom for 5 minuttar til spørsmål etter kvart innlegg.

Pris: kr 400. Blir fakturert etter møtet.

Møtet blir lagt til Teams dersom smittesituasjonen tilseier det. Alle påmeldte får då e-post med innkalling. Kostnaden fell bort.

Påmelding innan torsdag 19. august.

Velkomen!

Dato:
27. august 2021 10:00 - 15:00
Stad:
Øksnevad vidaregåande skole
Arrangør:
Rogaland landbrukspark, Rogaland bondelag, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Politikarar, næringsutøvande i landbruket, rådgiving, forvaltning, undervisning, og andre samfunnsengasjerte