Digitalt AR5 feltkurs

Dato:
15. juni 2021 12:00 - 15:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
NIBIO
Målgruppe:
Tilsette i kommunane
Påmeldingsfrist:
8. juni 2021 23:00

NIBIO inviterer kommunane i Rogaland og Agder til digitalt AR5 feltkurs tysdag 15. juni kl 12–15.

Publisert 12.05.2021

Kurset tek for seg klassifisering av AR5 i felt, og deltakarane må frå før vere kjente med AR5 klassifikasjonssystem.

For dei som treng oppfrisking, er opptak av webinar frå i fjor om klassifisering av jordbruksareal i felt tilgjengeleg på nettsida AR5 feltkurs. Der vil det også bli lagt ut ein «AR5 teoriprøve», slik at deltakane kan teste forkunnskapane sine før kurset.

Send inn bilde 

Ein del av kurset blir basert på innsende bilde. NIBIO oppfordrar deltakarane til å sende inn bilde frå område dei ønsker å få vurdert. Husk å oppgje kvar bildet er tatt (gnr/bnr).

Frist for innsending av bilde er 8. juni. Send dei på e-post til kjetil.fadnes@nibio.no.

Program

12.00–12.10:      Velkommen, introduksjon til gruppeoppgåver

12.10–12.50:      Gruppeoppgåver, levere svar

12.50–13.00:      Beinstrekk I

13.00–13.50:      Gjennomgang av gruppeoppgåver i plenum

13.50–14.00:      Beinstrekk II

14.00–14.50:      Drøfting av klassifisering basert på innsendte bilder, inkl forslag til manus

14.50–15.00:      Oppsummering og avslutning

Påmeldingsfrist: 8. juni            

Lenke til arrangementet blir sendt ut til påmeldte nokre dagar i forkant.

 

 

Dato:
15. juni 2021 12:00 - 15:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
NIBIO
Målgruppe:
Tilsette i kommunane
Påmeldingsfrist:
8. juni 2021 23:00