Videosnuttar om kommunal styring og forvalting for politikarar

Grafisk bilde laga i Canva med to kommunepolitikarar som har spørsmål, to nøytrale kommunevåpen og ein tettstad.

No kan kommunepolitikarar få ei rask og god opplæring i kommunal styring og forvalting gjennom ei rekkje små videosnuttar. Tema i videoane er mellom anna kommunal planstrategi, plansystemet, kommuneøkonomi, habilitet, by- og tettstadutvikling, folkehelse, ungt utanforskap, boligsosialt arbeid, universell utforming, klimaomstilling, naturmangfold og jordvern. 

Publisert 05.01.2024

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har saman med Møre og Romsdal fylkeskommune laga heile 27 små videosnuttar om kommunal styring og forvalting for kommunepolitikarar. Videoane er like aktuelle for kommunepolitikarar i Rogaland, som for kommunepolitikarar i Møre og Romsdal. Videoane er frå 3-8 minutt, og gir nyttig kunnskap om tema som er heilt grunnleggjande å kjenne til for å vere med og styre ein kommune. Du finn alle videoane her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.