Matkurs for eldre heimebuande blir viktigare

Matgledekorpset på besøk i Time kommune. Frå venstre Heidi Netland Berge, ordførar Andreas Vollsund og Nicole Tandrevold Nesheim.
Matgledekorpset på besøk i Time kommune. Frå venstre Heidi Netland Berge, ordførar Andreas Vollsund og Nicole Tandrevold Nesheim. Foto: Eli M. Serigstad / Statsforvaltaren i Rogaland.

Ordføraren i Time kommune meiner matkurs a la Matgledekorpset sine, som har fokus på korleis ein skal få i seg god og ernæringsrik mat, berre blir viktigare i framtida.

Publisert 08.10.2021

Matgledekorpset i Rogaland gjennomførte i førre veka eit inspirasjonskurs for eldre heimebuande i Time kommune. Matglede blei det! Her blei det diska opp med duk og dekketøy, og dei eldre fekk smake på dei matrettane som Matgledekorpset trylla fram. Tema er ernæring, mat og trivsel i kvardagen.

Time kommune er ein av fire pilotkommunar som Matgledekorpset jobbar med. Helsa til eldre heimebuande må bli eit viktigare tema i kommunane, og da var det ekstra gildt at ordførar Andreas Vollsund tok seg tid til å vere med på kurset.

Kva for tankar har du om korleis dei eldre heimebuande blir fulgt opp?

– Dei heimebuande er ekstremt viktige. Me veit at det blir fleire og fleire eldre, og fleire må bu heime lenger. Å få næringsrik mat heime er viktig og vil bli viktigare framover. Og sånne kurs som dette som sette fokus på korleis få i seg god og ernæringsrik mat det trur eg blir viktig, ja berre viktigare og viktigare i tida framover, seier ordførar Andreas Vollsund. 

Trur du at de kjem til å fortsette å tilby kurs for dei eldre når denne piloten er over at ?

– Ja, det håper eg at me skal få til. Å samlast ute slik som dette, oppleve ting i lag. Å ha samlingsstader for å komme ut, treffe folk, lære om mat, sette pris på å lage mat ete maten – det må me få til! Me har ein del samlingspunkt i kommunen i frivillig regi, som som her (Frivillighetssentralen). Der me enkelte dagar kan ha fokus på korleis ein kan laga god og ernæringsrik mat heime, så det må me klare å halde. Me kan ikkje berre drive på med pilotar, me må ha det inn under huda. Me må ha det i kvardagen, og så må me ha ein plan for det. Det trur eg at me skal få til i Time kommune, seier Andreas Vollsund.

Høyr intervjuet som Bjørg Odland i Matgledekorpset har med ordførar Andreas Vollsund (H) i Time kommune  om mat, ernæring og trivsel for eldre heimebuande.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.