Psykososial oppfølging i kommunane etter masseskytinga i Oslo 25. juni

Kommunane i Rogaland må vera særleg merksame på dei psykososiale behova til direkte berørte, og andre ramma, etter masseskytinga i Oslo 25. juni. 

Publisert 01.07.2022

Det gjeld også andre som kan oppleva vanskar på grunn av hendinga, også basert på tidlegare traumatiske opplevingar – og trusselvurderingane til politiet.

Kommunen har eit ansvar for psykososial oppfølging og beredskap

Kommunen har etter helse- og omsorgstenestelova ansvar for å tilby hjelp ved ulukker og andre akutte situasjonar. Dette inngår som ein del av kommunens sørgja-for-ansvar for eigne innbyggarar.

– Det er viktig at kommunane i Rogaland er klare over at det kan ha vore folk som bur i fylket vårt som var i nærleiken då den tragiske masseskytinga fann stad i Oslo. Det kan også vera folk i kommunen som blir særleg påverka og uroa av slike hendingar, seier statsforvaltar Bent Høie. 

Kven kan trenga hjelp etter masseskytinga?

Direkte berørte

  • Etterlatne, familiar og vennar
  • Skadde, familieane deira og næraste
  • Vitne til hendingane og deira næraste

Andre ramma

  • Det skeive miljøet
  • Ramma av terroren 22. juli, krig og valdshandlingar – og tidlegare traumatiske hendingar
  • Barn, unge og befolkninga elles

Mange bruker mykje tid på å søka etter hjelp og informasjon på internett når livet er vanskeleg. Ved å gi tydeleg informasjon på nettsidene sine, kan kommunen bidra til å gjera eksisterande tilbod meir tilgjengeleg.

Helsedirektoratet sitt oppdragsbrev til statsforvaltarane er lagt ved nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.