Ledige verv i kontrollkommisjonane i Rogaland

I Kontrollkommisjonene er det frå 1. januar 2023 fleire ledige verv. Verv som fast legekyndlig medlem, vanlig medlem og pasient – eller pårørandemedlem. Søknadsfristen er 30. november 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.10.2022

Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern. Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern.

Kontrollkommisjonen skal sikre rettstryggleiken

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte kvar veke eller kvar 14. dag avhengig av kommisjonen. Heile arbeidsdagen går med.

Kommisjonen har fire medlemmer med personleg varamedlem. Medlemmene vert oppnemnde for fire år, og kan reoppnemnast ein gong. Ved oppnemning til offentlege utval skal begge kjønn vere representerte med minst to medlemmer når utvalet har fire til fem medlemmer. Dette gjeld også ved oppnemning av varamedlemmer.

Som medlem i kontrollkommisjonen kan du ikkje arbeide i det psykiske helsevernet eller ha andre bindingar til helseføretaket eller institusjonen som høyrer inn under kontrollkommisjonen. Du må ha interesse for psykisk helsearbeid og psykisk helsevern og like å samarbeide.

Ledige verv:

  • legekyndig medlem i nordfylket frå 01.01.23, men søkjer og legekyndig i sørfylket.
  • vanlig medlem, og medlemmar med pasient- og pårørandeerfaring i fleire av kommisjonane i sørfylket fra 01.01.23, men søkjer og i nordfylke.

Fleire av vervene er ledige frå 01.01.23, det vil og bli fleire ledige verv ved seinare tidspunkt.

Kvalifikasjonar

Verv som legekyndig medlem: Kontrollkommisjonen skal ha et medlem som er lege. Det forutsettes at legemedlemmet har autorisasjon så lenge vedkommende har vervet, jf. helsepersonelloven § 48 a. Medlemmet bør ha spesialitet i allmennmedisin, og det vil være en fordel med lang praksis som allmennlege. Det vil videre være en fordel med erfaring fra kommunehelsetjenesten, eksempelvis som fastlege. En bred samfunnsmedisinsk orientering vil også være verdifull.

Verv som vanlig medlem: Den som oppnevnes må ha interesse for arbeidsfeltet og være personlig egnet. Det innebærer blant annet å ha samarbeidsevner som er nødvendige i et kollegialt organ og kunne kommunisere med mennesker i krise.

Verv som pasient- eller pårørendeerfaring: Søkjar kan sjølv ha erfaring frå psykisk helsevern som pasient eller pårørande til pasient. For arbeidet i kontrollkommisjonen er det naudsynt å ha eit avklart forhold til eigen sjukdom. Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vert vektlagt. 

Søknad

Du må levere søknad med følgjande opplysningar:

  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
  • kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
  • opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjonen tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode/periodar
  • opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • namn på to personar som vi kan kontakte for referansar
  • Kva slags verv søknaden gjeld 

Habilitet

I psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd står det at: «Ingen kan være medlem av en kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med tiltak og institusjoner for psykisk helsevern som vedkommende har noe ansvar for i sin vanlige stilling.»

Helsedirektoratet seier vidare at medlemmet heller ikkje bør vere tilsett i det psykiske helsevernet. 

Oppnemning

Vi gjennomfører intervju, dokumentkontroll og sjekkar referansar. Oppnemningsperioden er fire år. Oppnemninga er personleg. I tilfelle den som vert oppnemnd også er medlem i brukar- eller pårørandeorganisasjon, representerer vedkomande som medlem i kommisjonen ikkje virket eller synspunkta til organisasjonen.

Helsedirektoratet legg til grunn at oppnemning til verv i kontrollkommisjon ikkje er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen

Arbeid i kontrollkommisjonen vert godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter vert dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon vert gitt ved oppnemning.

Send søknad til Statsforvaltaren i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger eller som e-post til: sfropost@statsforvalteren.no

Nærare opplysningar får du hos Kristine Norland, som du finn under «Kontaktpersonar».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.