Reaksjonar mot 17 helsepersonell i Rogaland

I 2017 fekk 17 helsepersonell i Rogaland ein reaksjon frå Statens helsetilsyn. Åtte av desse mista autorisasjonen, sju fekk åtvaring og to fekk innskrenka autorisasjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.03.2018

Alle desse sakene starta hos Fylkesmannen i Rogaland, og blei sendt over frå oss til Statens helsetilsyn for vurdering av reaksjon etter lov om helsepersonell kapittel 11. 

Av dei åtte som mista autorisasjonen var tre legar, tre sjukepleiarar, ein vernepleiar og ein hjelpepleiar. Det var fleire årsakar til dette, mellom anna rusing, seksuelt forhold til pasient, at ein ikkje retta seg etter åtvaring, og grov mangel på fagleg innsikt. Dei to som fekk innskrenka autorisasjon var ein psykolog og ein lege.

Av dei sju som fikk åtvaring var fire legar (ein lege fekk to åtvaringar), ei jordmor, ein fysioterapeut og ein hjelpepleiar. Årsakane til dette var mellom anna manglande svar til Fylkesmannen og Statens helsetilsyn, brot på teieplikta og uforsvarleg forskriving av vanedannande medikamentar.

I 2016 mista sju helsepersonell autorisasjonen i Rogaland, og tre fekk åtvaring.

Under «Lenkjer» finn du Statens helsetilsyn sin oversikt over reaksjonar mot helsepersonell for heile landet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.