Ny rettleiar om habilitering, rehabilitering, individuell plan og koordinator

Brukarar og pasientar skal ha eit tilbod om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator i samsvar med eige behov. For å hjelpe til med dette har Helsedirektoratet laga ein elektronisk rettleiar.  Habiliterings- og rehabiliteringstenester skal fremje evna til å meistre og støtte under pasienten og brukaren sin  innsats for best mogeleg  fysisk, psykisk, sansemessig, kognitiv og sosial funksjonsevne. Målet er best mogeleg sjøvstende og medverknad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.10.2015

Kommunane og spesialisthelsetenesta har eit felles ansvar for å sikre at pasientar og brukarar får tenester på riktig nivå. Formålet med rettleiaren er at vedtaksorgan og dei som jobbar med habiliteringings- og rehabiliteringstenester og koordinering får tilgang til kunnskap og einsarta rettleiing. Rettleiaren omhandlar habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator. Den inkluderer også læring og meistring.

 

Viktige punkt i den nye rettleiaren er:

·     Pasientar og brukarar har rett til tenester slik at dei kan nå potensialet sitt for auka     funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking.

·     Læring og meistring er viktige element i heilskaplege tenester

·     Sterkare leiarforankring av koordinering og samarbeid.

·     Auka bruk av individuell plan og koordinator.

·     Styrke den habiliteringings- og rehabiliteringsfaglege kompetansen.

·     Betre tverrfagleg og: tverrsektorielt  samarbeid.

 

Rettleiaren finn de på Helsedirektoratet sine heimesider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.