Meldeplikt for kommunen når ei gravid rusavhengig kvinne blir tvangsplassert i helseinstitusjon

Kommunen pliktar frå 1. januar 2018 å melda frå til barnevernstenesta når ei gravid rusmiddelavhengig kvinne blir tvangsplassert på helseinstitusjon. Meldinga gir barnevernstenesta anledning til å opna undersøking utan den gravide kvinna sitt samtykke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.01.2018

Føremålet med meldinga

Føremålet med meldeplikta er at barnevernstenesta kan komma i kontakt med kvinna og etablera eit samarbeid på eit tidleg tidspunkt, for å gi betre vern til barn som er utsett for mors rusmiddelbruk under svangerskapet.

Kva skal stå i meldinga?

Meldinga frå kommunen skal innehalde opplysningar om kvinna si identitet, forventa termin, kvar ho er innlagd, og om rusavhengigheita kan vera til skade for det ufødde barnet.


 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.