Webinar om nærnatur og gå-venlege nærmiljø

Helsedirektoratet og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) inviterer til webinar 30. november for rette merksemda mot nærnatur, folkehelse og arealplanlegging.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.11.2022

Målet er å gje kunnskap som kan bidra til å legge til rette for helse og livskvalitet, på tvers av forvaltningsområder. På webinaret vil arrangørane bevisstgjere og stimulere kommunane om betydninga av areal til rekreasjon og fysisk aktivitet. Vidare vil webinaret synleggjere kva verkemiddel kommunane har for å sikre areal, og korleis dei best kan utformast for å gi effekt for folkehelsa. Det skal leggast vekt på kunnskapsutvikling på tvers av sektorar, og formidling på tvers av offentleg og privat sektor.

For å delta på webinaret, må du melde deg på via lenkje på Helsedirektoratet si nettside. Påmeldingsfrist er 28. november. 

Tema på webinaret blir:

  • Korleis kan folkehelselova (og tilhøyrande regelverk) bidra til å styrke tilrettelegging for gå- og aktivitetsvenlege nærmiljø i planlegging, jf. plan- og bygningslova?
  • Korleis få til forankring og samarbeid på tvers av sektorar om dette?
  • Korleis sikre gjennomføring av arbeidet lokalt?

Målgruppa for webinaret er politisk og administrativ leiing i kommunar og regionar, saksbehandlarar, frivillige organisasjonar, utbyggjarar og andre relevante aktørar.

 

Program

Del 1 (klokka 09:00-09:45)  

  • Introduksjon, ved Helsedirektoratet 
  • Hvorfor er nærturområder viktige for folkehelse? Oversikt over forskningsbasert kunnskap, ved Emma Charlott Andersson Nordbø
  • Faktorer som påvirker bruken av nærturområder, ved Kine Halvorsen Thorén 
  • Arealkonflikter i byer og tettsteder – De gode formålenes kamp om arealene, ved Gunnar Ridderstöm

Del 2 (klokka 10:00-10:45)    

  • Kampen om arealene – Kommunenes håndtering av arealkonflikter. Kommunenes utfordringer og virkemidler, ved Gunnar Ridderstöm 
  • Presentasjon av rapporten «Bærekraftig arealbruk innenfor rammen av lokalt selvstyre» fra KS, ved Halvard Dahle Lægreid 
  • Virkemidler i kommunal arealplanlegging, ved Gunnar Ridderstöm 
  • Utforming og vedlikehold av arealer for å sikre bruk, ved Ellen Husaas
  • Oppsummering av webinaret, ved Helsedirektoratet 

Kontaktpersonar 

Gunnar Ridderström (NMBU)

Gro Helmersen (NMBU)

Heidi Fadum (Helsedirektoratet)

Rolf Hansen (Helsedirektoratet)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.