Meld frå om kritikkverdig forhold

Oppdatert 17.10.2022

Ein arbeidstakar som får kjennskap til eit mogleg kritikkverdig forhold på arbeidsplassen sin, har rett til å varsle offentlege instansar om dette. Dette blir kalla ekstern varsling.

Ulike måtar å varsle på

Kritikkverdige forhold

Teieplikt

Melding etter helsepersonellova

Ulike måtar å varsle på

Tilsette er ofte dei første som oppdagar eller får mistanke om lovbrot eller andre kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. For samfunnet og for arbeidslivet er det viktig å avdekkje kritikkverdige forhold.

  • Ved intern varsling seier arbeidstakaren frå til nokon internt i verksemda. Det kan vere til eigen leiar eller gjennom eit internt varslingssystem.
  • Ved ekstern varsling seier ein arbeidstakar frå til nokon utanfor verksemda som har mynde til å rette på forholdet, for eksempel til ein offentleg instans

Reglane om ekstern varsling gjeld også elevar, vernepliktige, sivile tenestepliktige, pasientar i helse- og attføringsinstitusjonar, personar som er utplasserte i arbeidslivet og personar som deltek i arbeidsmarknadstiltak. Felles for desse gruppene er at dei har tilknyting til arbeidsplassen. Dersom du sender eit varsel til Statsforvaltaren, og varselet er utanfor vårt ansvarsområde, gir vi råd om kva du bør gjere. Om mogleg viser vi deg til rett offentleg organ. Andre tilsynsmyndigheiter er til dømes Arbeidstilsynet, Luftfartstilsynet, Mattilsynet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. 

Kritikkverdige forhold

Med arbeidsmiljølovas omgrep «kritikkverdig forhold» meiner vi forhold som er i strid med rettsreglar, skriftlege etiske retningslinjer eller etiske normer som det er brei semje om i samfunnet. Døme kan vere: 

  • fare for liv eller helse
  • fare for klima eller miljø
  • korrupsjon eller anna økonomisk kriminalitet
  • misbruk av mynde
  • uforsvarleg arbeidsmiljø
  • brot på personopplysningstryggleiken

Du som varslar må vere i god tru på at det faktisk er eit kritikkverdig forhold, og eit varsel kan ikkje byggje på grunnlause påstandar. Å varsle er noko anna enn å klage på utfallet av ei sak.

Teieplikt

Statsforvaltaren har teieplikt når du som arbeidstakar sender eit varsel om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen til oss. Vi har plikt til å hindre at andre får kjennskap til namnet ditt eller andre identifiserande opplysningar. Identifiserande opplysningar kan til dømes vere arbeidsstad og stilling. Ver merksam på at:

  • teieplikta gjeld ikkje for innhaldet i varselet, til dømes faktiske opplysningar, samandrag eller anna oppsummering av faktum dersom vilkåra for innsyn etter offentleglova eller forforvaltningslova er oppfylte
  • namn eller andre personidentifiserande opplysningar kan bli gjort kjende dersom det skulle oppstå ein sivil tvist eller straffesak for domstolane, då vil nemleg spørsmålet om teieplikt bli vurdert etter reglane i prosesslovgjevinga

Du kan velje å vere anonym når du sender eit varsel til oss, men då kan det vere vanskelegare for oss å følgje opp varselet.

Bruk gjerne skjemaet nedanfor for å sende et varsel til oss. Spørsmåla vi stiller i skjemaet, gjer det enklare for oss å behandle varselet på best mogleg vis. 

Lenke til digitalt skjema - Varsel til Statsforvaltaren

Melding etter helsepersonellova

Helsepersonell skal av eige tiltak gje tilsynsmyndigheitene informasjon om forhold som kan medføre fare for tryggleiken til pasientar og brukarar. Denne plikta er omtala i paragraf 17 i helsepersonellova. Viss du er helsepersonell og skal melde frå etter denne paragrafen, kan du bruke Melding til Statsforvaltaren. Du kan sjølvsagt også velje å sende eit vanleg brev til oss.

I tilfelle der Statsforvaltaren kjenner identiteten til meldar, skal vi i utgangspunktet respektere eit ønske om å vere anonym. Vi kan likevel aldri garantere anonymitet når vi får meldingar etter helsepersonellova eller klager på helse- og omsorgstenester.

Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.