Fritak frå teieplikt

Oppdatert 12.03.2024

Om du er tilsett i skule, barnehage, barnevernet eller sosialetaten, offentleg tilsett i helse- og omsorgstenesta, eller arbeider med oppgåver etter introduksjonslova, må du ha fritak frå teieplikta dersom du skal vitne i ei rettssak eller gi forklaring i politiavhøyr om eit konkret straffbart forhold. Det er Statsforvaltaren som gir fritak frå teieplikta.

Dersom Statsforvaltaren ikkje gir fritak, kan retten ved orskurd avgjere at du likevel skal vitne. Retten kan òg avgjere at du ikkje skal forklare deg, sjølv om Statsforvaltaren har gitt deg fritak frå teieplikta.

Ver merksam på at det er politi eller advokat (prosessfullmektig til parten) som må søkje på vegner av deg som tilsett. Søknaden kan sendast digitalt.

Det er ikkje nødvendig med fritak frå Statsforvaltaren dersom den personen som har krav på teieplikta, godkjenner at opplysningane blir frigitt. I barnefordelingssaker treng ikkje Statsforvaltaren frita barnevernstilsette frå teieplikta. Barnevernstenesta kan uhindra av teieplikta gi opplysningar til domstolen.

Vis meir


Publisert 17.02.2022

Korleis søke om fritak frå teieplikta?

Offentleg tilsette ved mellom anna skule, barnehage, barnevern med fleire har teieplikt etter forvaltingslova. Dersom ein tilsett skal vitne i ei rettssak eller gje forklaring i politiavhøyr, må han/ho bli friteken frå teieplikta. Statsforvaltaren har delegert mynde til å gje eit fritak frå teieplikta for tilsette ved enkelte offentlege organ. For komplett oversikt over kva for offentlege organ dette gjeld sjå høgremargen. 

Søknadssskjema ligg i høgremargen. 


Publisert 10.02.2020

Skjerpa krav til søknad om teieplikt

Fylkesmannen handsamar kvart år fleire søknadar om fritak frå teieplikt etter straffeprosesslova og tvistelova. Me ønskjer å orientera om ein uttale frå Sivilombudsmannen i sak SOMB-2017-1186 som er av betydning for Fylkesmannen si framtidige handsaming av slike saker. Føremålet er å sikra ei betre handsaming av sakene og å gjera prosessen enklare for kvar søkjar.


Publisert 04.09.2019

Fylkesmannen i Rogaland fritek berre tilsette i Rogaland frå teieplikta

Kommunal- og moderniseringsdepartementet klargjer at dei einskilde embeta kan frita tilsette i sitt eiga fylke


Publisert 30.09.2014

Tilsette i barnevernet treng ikkje lenger samtykke frå Fylkesmannen for å vitna i barnefordelingssaker

Frå 1. januar i år kan barneverntenesta, uhindra av teieplikt, gi opplysningar til domstolen i saker som gjeld foreldreansvar, kvar barnet skal bu og samvær.