Samisk språk i barnehagen

Samiske barn i barnehage har rett på samisk opplæring. Dette er regulert i barnehagelova og rammeplan for barnehagar. I Norge er nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk offisielle språk. Desse tre språka, som er beskytta av den europeiske pakt for minoritetsspråk, er òg opplæringsspråk i barnehagar og skular.

Publisert 09.10.2023

Samiske barn er enten i samiske barnehagar, i ein barnehage med samisk avdeling eller i andre barnehagar. Rammeplanen for barnehagar vektlegg at «samiske barnehagar skal fremme barn sin kompetanse i samisk språk», medan i andre barnehagar med samiske barn skal «barna oppmuntrast til å ivareta og utvikle sitt språk, sin kompetanse og kultur uavhengig av kor i landet dei bur.» Det er barnehagemynde sitt ansvar å sjå til at forholda legges til rette for at samiske barn kan sikre og utvikle sitt språk og kultur i barnehagen. 

Mange er stolte av å tilhøyra ein nasjonal minoritet og ønskjer å dele bakgrunnen med barnehagen, medan andre ikkje ønsker at dette skal komme fram. Det er opp til den einskilde om dei vil opplyse barnehagen om sitt opphav eller ikkje. For at samiske barn skal få den opplæringa dei har krav på, må barnehagen først kjenne til at dei har samiske barn.

Meld. St. 13 (2022-2023) samisk språk, kultur og samfunnsliv

Det er første gang det blir lagt fram ei melding til Stortinget om samisk språk, kultur og samfunnsliv som omhandlar både kompetansebehov i barnehage, skule, og rekruttering av barn, elevar, studentar og tilsette til alle nivå i utdanningssystemet.

I følgje Meld. St. 13 (2022-2023) vil regjeringa gjennomføre eit krafttak for samisk språk og bidra til å utdanne fleire samiskspråklege lærarar i barnehage og skule. Regjeringa skriv mellom anna at «for at eit språk skal leve, er det avgjerande at barn og unge brukar språket i kvardagen». Slik synleggjer dei europarådet si pakt for minoritetsspråk som seier «staten» pliktar å sikre og fremje bruken av minoritetsspråk som har historisk tilknyting til Norge.

Barnehagen og skulen er viktige arena for å utvikle og bevare språkkompetansen. Regjeringa peiker på at det er mangel på samiskspråkleg kompetanse, det vil seie personale som meistrar samisk språk og har god kulturforståing. Barnehagane og skulane har behov for lærar og anna personalet med utdanning i og på samisk. Målet er derfor å få fleire kvalifiserte lærarar i barnehage og grunnopplæringa.

Regjeringa meiner at moglegheita for å velgje eit samisk barnehagetilbod og retten til opplæring i samisk vil ha avgjerande betydning for utviklinga og revitaliseringen av samisk språk og kultur. «Eit godt tilrettelagt samisk tilbod frå barnehage til høgare utdanning er derfor sentralt for framtida til dei samiske språka».

Regjeringa sine mål og ambisjonar

Målet til regjeringa er god samiskopplæring i barnehagar og skular. Regjeringa vil prioritere samiskopplæring i barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring og meiner det finns eit uutnytta potensial for

  • at fleire barn får eit samisk barnehagetilbud
  • at fleire elevar velg opplæring i og på samisk
  • betre tilrettelegging av opplæringa i og på samisk i grunnskulen og i vidaregåande opplæring

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.