Felles retning for barnehagar mot 2030

Bilde av barnehagebarn i gule refleksvestar saman mei ein vaksen.
Regjeringa vil at 60 prosent av dei tilsette i barnehagane skal vere barnehagelærarar og minst 25 prosent skal vere fagarbeidarar innan 2030. Foto: ScanstockPhoto..

Regjeringa ønskjer at fleire barn skal gå i barnehage. Samtidig vil dei auka kvaliteten på innhaldet i barnehagen. Regjeringa sin barnehagestrategi fram mot 2030 er kalla «Barnehagen for ei ny tid» og legg grunnlaget for at barnehagesektoren blir utvikla i ei felles retning fram mot 2030. 

Publisert 10.07.2023

Regjeringa vil med denne strategien bidra til at barn i heile Noreg skal få moglegheit til å ta del i barnehagefellesskapet og ha tilgang til eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet. 

Noreg skal vera eit land utan store sosiale og geografiske forskjellar.  

Regjeringa vil nedkjempa ulikskap ved å investera meir i den perioden av livet som legg grunnlaget for utvikling, utdanning og danning.  

Betre kvalitet i barnehagen vil bidra til å gi barna gode barnehagedagar og betre føresetnader seinare i livet, og er dermed ei god investering for framtida. 

Regjeringa vil at 60 prosent av dei tilsette skal vere barnehagelærarar og minst 25 prosent skal vere fagarbeidarar innan 2030. Strategien fordrar å halde barnehageprisen låg, og dessutan sikre at pengane som vert brukte på barnehage går til barna. 

Prioriteringar fram mot 2030 

  • alle som arbeider i barnehage, skal ha god og relevant kompetanse
  • alle barnehagar skal ha god leiing
  • barnehagane skal ha nok tilsette for å sikra barna eit godt pedagogisk tilbod
  • alle barnehagar skal jobba systematisk med kvalitetsutvikling
  • alle barn skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.