Politiattest i barnehagen
Alle som skal arbeide i barnehage, må levere politiattest. Dette gjeld både faste og mellombelse tilsetjingar, samt personar som skal arbeide i barnehagen i kortare periodar – også i periodar under 14 dagar.
Kravet om politiattest skal bidra til at barn i barnehagen får ein trygg og sikker kvardag. Ordninga er heimla i barnehagelova og forskrift om politiattest i barnehagar.
Kven må levere politiattest?
- Alle som blir fast tilsette i barnehagen
- Vikarar og mellombelse tilsette
- Studentar og elevar som skal ha praksis i barnehagen
Korleis søkjer ein om politiattest?
Den som skal tilsetjast, får stadfesting frå barnehagen på at politiattest er kravd. Søknad om politiattest blir sendt digitalt via politiet sine nettsider:
Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader ved tilsetjing. Attesten skal heller ikkje innehalde meir informasjon enn det som er relevant for å vurdere om personen er eigna til arbeid i barnehage.
Les meir her:
Kontaktpersonar