Endringar i barnevernlova frå 1. juli 2018

Barnevernlova er endra for å betre rettstryggleiken til barn og foreldre. Lova gir barn rett på tenester, styrka medverknad og kjærleik kjem inn i lovteksten.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.09.2018

Rett på tenester

Barnet si rett til nødvendige barnevernstiltak er lovfesta i § 1-5.

Styrker barn sin medverknad

Barnet sin sjølvstendige rett til å medverke i alle forhold som gjeld seg, er tydelegare.

Kjærleik inn i lova

Formålsregelen er endra for å bidra til at barn skal bli møtt med tryggleik, kjærleik og forståing.

Oppfølging av barn og foreldre

Korleis barneverntenesta skal følgje opp barn og foreldre etter at barnet er flytta ut av foreldreheimen, er tydelegare.

Familie/nære nettverk til barnet skal involverast

Barnevernstenesta si plikt til å vurdere om nokon i barnet sin familie eller nære nettverk kan vere fosterheim, er lovfesta.

Betre dokumentasjon

Når barneverntenesta vel å leggja bort bekymringsmeldingar og undersøkingar, blir det stilt krav om skriftleg grunngjeving.

Klargjering og forenkling av reglane om opplysningsplikt

Reglane om opplysningsplikt til barnevernet blir endra, både i barnevernlova og i andre særlover. Endringane skal klargjere og forenkle føresegna slik at de blir lettare å bruke for dei som er omfatta av opplysningsplikta.

Lovendringane bygger på forslag frå Barnevernlovutvalget si innstilling NOU 2016: 16 Ny barnevernslov sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse.

BLD skal vurdere resten av utvalet sitt forslag og vil sende et forslag til ny barnevernslov på høyring i 2019.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.