Kva ansvar har kommunar for familiar med pålagte hjelpetiltak frå barnevernet?

Når ein familie med pålagte hjelpetiltak frå barneverntenesta flytter til ein anna kommune er fråflyttingskommunen ikkje ansvarleg for oppfølging. Barneverntenesta må likevel ta kontakt med barneverntenesta i kommunen familien flytter til.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.07.2017

Fylkesnemnda kan, når det er naudsynt for å sikre barnet tilfredsstillande omsorg eller av andre grunner, gje foreldre og barn pålegg om å ta imot hjelpetiltak, sjå barnevernlova § 4-4 tredje ledd. Høve til å gi pålegg om hjelpetiltak vart utvida ved lovendring den 1. april 2016.

Fleire av desse tiltaka, som opphald i barnehage, leksehjelp, fritidsaktivitetar og støttekontakt, er vanskelege å oppretthalde om familien flytter til ein annan kommune. Pålegg om hjelpetiltak etter § 4-4 tredje ledd opphøyrer difor når ein familie flytter frå den kommunen som har satt i verk tiltaket.

Barneverntenesta i den nye kommunen må gjere ei konkret vurdering av meldinga dei mottek frå fråflyttingskommunen, jamfør barnevernlova § 4-2.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.