Endringar i barnevernlova frå 1. januar 2014

Mellom anna er plikta til å gi forsvarlege tenester lovfesta, barneverntenesta sitt ansvar for barn etter omsorgsovertaking er presisert og fristen for å bringe eit vedtak i fylkesnemnda inn for domstolen er korta ned til ein månad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.03.2014

Frå 1. januar har barneverntenestene ei lovfesta plikt til å yte forsvarlege tenester. Barnevernlova paragraf 1-4 inneber at alle tenester og tiltak etter barnevernlova skal vere forsvarlige når det gjeld sakshandsaming, innhald og omfang og når ein skal gje tenestene.

Hjelpetiltak for barn og familiar

Eksempel på kva hjelpetiltak barneverntenesta kan bruke, er tekne ut av barnevernlova paragraf 4-4. I staden viser lova til kva som er formålet med hjelpetiltaket. Det går no klart fram i lova at hjelpetiltak skal bidra til positiv endring hos barnet eller i familien. At eksempla blir fjerna, medfører inga avgrensing av kva for hjelpetiltak tenesta kan bruke.

Oppfølging av vedtak om omsorgsovertaking

Barnevernlova paragraf 4-16 er endra for å understreke at barneverntenesta har eit samla ansvar for barnet etter ei omsorgsovertaking. Endringa presiserer og tydeleggjer det generelle oppfølgingsansvaret til barneverntenesta. Barneverntenesta må heile tida vurdere om barnet får naudsynt omsorg og behandling i samsvar med plasseringsvedtaket. Barneverntenesta har òg plikt til å leggje til rette for samvær med søsken, dersom omsynet til barnet ikkje taler imot det.

 Kortare frist

Fristen for å bringe fylkesnemnda sine saker inn for domstolen er korta ned frå to til ein månad gjennom ei endring i barnevernlova paragraf 7-24.

Utvida tilsyn skal styrke rettstryggleiken

Endringane i paragraf 2-3b og paragraf 5-7 i barnevernlova gjer at Fylkesmannen no skal føre tilsyn med lovgrunnlaget for alle statlege tenester og tiltak på barnevernfeltet, ikkje berre institusjonane. Føremålet er å styrke rettstryggleiken til utsette barn og betre kvaliteten på tenestetilbodet.

Ansvar for saker når familien flyttar

Vidare er barnevernlova paragraf 8-4 endra slik at ein kommune som har reist sak for fylkesnemnda, framleis har ansvar for saka sjølv om familien flyttar til ein annan kommune før fylkesnemnda har tatt avgjerd i saka.

Andre endringar

Det er også gjort endringar i paragrafane 2-2, 4-25, 5-7, 9-4 og 9-5 av barnevernlova. Les meir om kva dette betyr i praksis på nettsida til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Sjå Prop. 106 L (2012-2013) «Endringer i barnevernloven» for merknadar til endringane.

Endringa som gjeld tilsynsordninga for barn i fosterheim tok til å gjelde 1. februar 2014. Les meir her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar