Det kommunale barnevernet skal styrkast

I perioden 2017–2024 gjennomfører Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet eit kvalitets- og kompetanseløft i dei kommunale barneverntenestene. Tiltaka skal syta for at barn, unge og familiar møter tilsette med høg fagleg kompetanse og tenester av god kvalitet, uavhengig av kva kommune dei bur i.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.05.2018

Satsinga og tiltaka må sjåast i samanheng med regjeringa si kvalitets- og strukturreform der det er lagt opp til endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune på barnevernområdet frå 2022.

Målsetting

  • Ein felles fagleg plattform for barnevernet.
  • Meir lik praksis i kommunane.
  • Eit betre samarbeid mellom kommunar, og dermed sterkare fagmiljø og mindre sårbarheit i dei små kommunane.

Oversikt over tiltaka i kompetansesatsinga

Kva betyr det i Rogaland?

Det er gjennomført dialogmøte i alle kommunane i løpet av 2018 og 2019. Dialogmøta er ein arena der fylkesmannen, leiar for barneverntenesta og administrativ og politisk leiing i kommunane har dialog om utfordringsbilete på området og korleis ein saman kan finne løysingar. Temaet ein samtalar om er knytt til fag, kvalitet, økonomi, eigarskap/leiing og internkontroll. Kommunane skal sjølv gjera ei risikovurdering av eiga teneste.

Tenestestøtteprogram

Målet er betre og meir heilskapleg kvalitet i barneverntenesta. Målgruppe:
Leiarar og tilsette i kommunal barnevernteneste.

  • Arbeid med undersøkingar og avgjerder.
  • Samarbeid med familiar om endring gjennom hjelpetiltak.
  • Traumeforståing og innsikt i barn og unge sine ulike uttrykk og behov.
  • Arbeid med nettverksmobilisering og medverknad.

I Rogaland har dei fleste kommunane delteke ved utgangen av 2019.

  • Dei store kommunane krev ei eiga innretting av programmet og vil få eit tilbod om deltaking på eit seinare tidspunkt. Øvrige kommunar i fylket skal ha fått tilbod innan utgangen av 2021.

Læringsnettverk

  • Bidra til at kommunane samarbeider om kvalitetsutvikling.
  • Styrka kommunane si oppfølging av utsette barn og familier gjennom utvikling av lokale tenester og tilbod.
  • Etablering av fagfellesskap.
  • Laga kompetanseplan.

13 kommunar har  takka ja til å delta i læringsnettverket og i fylket er fleire prosjekt i gang:

-Leiarstøtte

- Arbeid med høgkonfliktsaker

- Behandle og rekruttera personell

 

Utover desse tiltaka kjem det i Rogaland ei ny vidareutdanning, Juss i barnevernet, ved Universitetet i Stavanger frå hausten 2018.

 – Historisk stor satsing på kommunalt barnevern

Eit større kommunalt ansvar for barneverntenesta krev eit tydeleg og godt eigarskap til barneverntenesta på leiarnivået i kommunane.
 – Dette er ei historisk stor satsing på det kommunale barnevernet. Å auka kompetansen og etablera fagfelleskap på tvers av kommunar er heilt sentralt for å heva kvaliteten i tenesta, seier Rigmor Kvia de Waard, assisterande direktør i helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar