Alle kommunar skal ha akuttberedskap for barnevernet i 2018

Fylkesmannen oppmodar alle kommunar om å starta arbeidet med å få til løysingar som sikrar forsvarleg akuttberedskap.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.02.2018

Forsvarleg akuttberedskap i barnevernet inneber at alle kommunar må ha tilstrekkelege og rette tenester tilgjengeleg utanfor vanleg kontortid. Denne tenesta kan ikkje overlatas til andre, det må vere ei formalisert ordning som kommunen sjølv er ansvarleg for. Ordninga kan vere bakvakt per telefon, og barnevernlova er ikkje til hinder for at fleire kommunar samarbeidar om akuttberedskap.

Kravet til internkontroll i barnevernlova tilseier at alle kommunar må kunne synleggjera korleis dei oppfyll krava til akuttberedskap.

Bufdir gjorde ei kartlegging av landets akuttberedskap innan barnevern, som sto ferdig 05.05.2017. Svara frå kommunane i Rogaland viste at berre tre kommunar tilfredsstilte krava til forsvarleg beredskap i barnevernet. Fylkesmannen har starta oppfølging av kommunane i dette arbeidet, og vil forsette med det gjennom 2018.

Under «Dokument» finn du brevet som er sendt frå Fylkesmannen til alle kommunane i Rogaland, og Handboka om akuttberedskap, som kan vere til hjelp i dette arbeidet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.